Naermar seg full oversikt over passasjerar
TROMSØ: 33 personer blant mannskapet på ekspedisjonsskipet Roald Amundsen fra Hurtigruten er korana-smittet. Her ligger skipet ved kai i Tromsø. 
Nytt

Nærmar seg full oversikt over passasjerar

Både fylkeslegen og politiet undersøker Hurtigruten si handtering av koronautbrotet på MS Roald Amundsen.

03.08.2020
(NPK-NTB-NETT.NO): Etter å ha jobba hardt med å kartleggje alle som var om bord i dei to seglasane med Roald Amundsen, nærmar Tromsø kommune seg full oversikt.
– Vi har gjennom helga jobba intenst med å få oversikt både over mannskapet og gjestene om bord på Roald Amundsen. Slik situasjonen har utvikla seg gjennom helga og slik det ser ut i dag, så har vi byrja å få oversikt over så å seie alle saman, men det er nokon som enno står att, seier avdelingsdirektør for helse og omsorg Margrethe Kristiansen i Tromsø kommune til NRK måndag morgon.
– Eg ser på situasjonen som alvorleg. Det er veldig mange personar i veldig mange kommunar som er involverte, seier ho vidare.

Fire passasjerar frå Ålesund

I alt 40 personar, fire passasjerar og 36 blant mannskapet, hadde søndag fått påvist koronasmitte etter to seglasar med Roald Amundsen. Framleis ventar mange av dei i alt 386 passasjerane på prøvesvara sine.
Passasjerar frå ei rekke kommunar er involvert, mellom dei er fire passasjerar heimehøyrande i Ålesund. Desse er no i karantene og skal bli testa måndag, opplyser Ålesund kommune på sine .

Avgrensa økonomiske verknader

I ei måndag morgon melder reiarlaget at ei økonomiske verknadene er avgrensa.
Inntektene for Svalbard-seglasene for midten av juli til midten av oktober, blir opplyst å vere 1,7 millionar euro - om lag 18 millionar norske kroner.
MS Roald amundsen ligg no til kai i Tromsø og Svalbard-cruiset er kansellert.

Undersøker handteringa til Hurtigruten

Politiet startar måndag undersøkingar av koronautbrotet på hurtigruteskipet. Hurtigruten har opplyst at dei vil samarbeide med politiet.
Også fylkeslegen i Troms og Finnmark skal granske handteringa.
Vi har vedteke å granske den aktuelle saka, og det vil skje i samråd med Helsetilsynet, seier fylkeslege Anne Grethe Olsen i Troms og Finnmark til

Skal ha brote karantenereglar

Hurtigrute-sjefen Daniel Skjeldam opplyste i eit i helga at nokre tilsette at reiarlaget meiner tilsette kan gå rett i arbeid om bord på skipa, etter at dei kjem til Norge. Helsedirektoratet svarer til kanalen at det er feil, og at Hurtigruten dermed har brote karantenereglane.
Fredag sendte regjeringa ut ei melding om at reglane for mannskap på cruiseskip blir endra framover, slik at mannskap kan gå i land i Norge for å skifte mannskap.
Mannskap som mønstrar på cruiseskip, er ikkje omfatta av reglane for reisekarantene i samband med bytte av personell. Dei skal likevel ha gjennomført karantene på ti dagar, eller testa negativt for Covid-19, om dei kjem frå sokalla «raude område», ifølgje .

Les også:




Publisert: 03.08.2020 10:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00