Naermar seg tre milliardar i omsetning
VEKST: H. I. Giørtz & Sønner har rundt 45.000 produkt og nærmar seg raskt tre milliardar kroner i omsetning.
Nytt

Nærmar seg tre milliardar i omsetning

H. I. Giørtz Sønner veks vidare. I fjor auka omsetninga med 316 millionar, til vel 2,9 milliardar kroner.

11.07.2017
Det Eidsnes-baserte selskapet er store innanfor engroshandel, men er også inne i servering, eigedomshandel og detaljhandel.
Totalt tilbyr selskapet rundt 45.000 ulike produkt, som vert transport ut frå eit varelager på rundt 18.000 kvadratmeter fordelt mellom tørrvarelager, samt tempererte soner til frukt, kjøl og fryste produkt.

Vil vekse

Hovudaktiviteten ligg mellom Romsdalsfjorden i nord og Nordfjorden i sør.
Styret slå fast i årsmeldinga at målet er vidare vekst, og med veksttempoet siste åra vil ein passere tre milliardar kroner i 2017 - med god margin.
Trass i omsetningsauken, vart resultatet før skatt litt lavare i fjor enn i året før. Resultatet enda på 89 millionar kroner, sju millionar lavare enn året før, trass i ein gevinst på 13 millionar kroner på aksjesal.

Tente på Moa Syd

Det tradisjonsrike familieeigde selskapet har fjorten dotterselskap, der 60 prosent eigarskap i Møre Senter Moa Syd er mest innbringande, ettersom dette selskapet i fjor gjekk med 22,7 millionar kroner i pluss.
Senterdrift Eiendom var nest best med 6,7 millionar i pluss, medan berre tre av dei 14 selskapa hadde minusresultat.
Mellom dotterselskapa er også Barstadklær, Gange Rolv, Bjørkeng, Larsgården Eiendom, Sundgata 12 A, Ørsta Sentrumsbygg og Flisnes Næringsbygg.
H. I. Giørtz Sønner har også eigarskap i tolv tilnytta selskap (under 50 prosent eigarskap), i tillegg til at ein eig aksjar i Norgesgruppen, Medi3 og Novela.
Selskapet har også investert i ANS Åsetorget og KS Ålesund Stadion.

198 tilsette

Totalt var det ved siste årsskifte 198 tilsette i H. I. Giørtz & Sønner, fordelt på 178 menn og 20 kvinner. Selskapet hadde også tre lærlingar.
Styret slår fast at det er iverksett tiltak for å fremme likestilling og mangfald. Det vert understreka at det er tilsette frå mange nasjonar, og det vert arbeidd aktivt for å hindre diskriminering.

Utbyte

Det er HIG Invest som er største aksjonær i selskapet med 51,5 prosent. Bak dette selskapet står dagleg leiar Egil Giørtz.
De øvrige aksjonærene er Asko Norge (Norgesgruppen) med 34,9 prosent, Magi ved Marianne Giørtz med 10 prosent og Hans J. Giørtz med 3,6 prosent.
Eigarane tok for fjoråret ut 20 millionar kroner i utbyte, det same som året før.

Publisert: 11.07.2017 11:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12