Oclin Chris Havard Berge Atle Remmerreit foto Ogne
VIL HA MED INVESTORAR: Oclin-grunnleggarane Atle Remmreit (t.h.) og Chris-Håvard Berge vil få fart på selskapet Luup, som starta som ein avleggar av Oclin. Torsdag fortalde dei om Oclin på Næringskonferansen Søre Sunnmøre i Ørsta. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Oclin-grunnleggarane skal bygge nytt selskap

Målet er å hente inn 10-15 millionar kroner. Draumen er at det nye selskapet blir bygd opp på Nordvestlandet.

10.04.2025

Luups starta som ein videoinnsamlingsteneste som filmproduksjonsselskapet Oclin utvikla til eige bruk. 

Men Oclin-grunnleggarane og hovudaksjonærane Atle Remmereit og Chris-Håvard Berge såg raskt at det kunne utviklast til noko meir og større.

Det starta som ein teneste for å gjere det lettare for bedrifter å samle inn, produsere og lage publiseringsklare videofiler. Planen er å ta det eit steg vidare og bruke kunstig intelligens for å redigere og styre bruken av det innsamla materialet.

– I fjor så vi at det kan bli ein AI-assistent, seier Remmereit. (AI er forkorting for artificial intelligence, kunstig intelligens, red. merk).

Klar med investorpresentasjon
I dag er Luups eit søsterselskap av Oclin. Berge arbeider i Luups ved sidan av å arbeide for Oclin, medan Remmereit brukar storparten av tida på Luups. 

Men å halde fram med berre dei to i Luups er ikkje nok, meiner dei. 

– Det kjem til å gå for sakte om eg og han skal utvikle dette vidare, seier Remmereit.

Ønsket om å få opp farta, er årsaka til at Remmereit etter påske skal besøke investorar for å presentere Luups.

Målet er å få inn 10-15 millionar kroner og få med rundt fire utviklarar inn i Luups, seier Remmereit til Nett No.

Selskapet fekk tidlegare i år éin million kroner i oppstartstilskot frå Innovasjon Norge.

Drøymer om Volda
Draumen er at det skal vere råd å finne folk som kan vere med og bygge opp Luups med base i Volda, sa Remmereit på scenen under Næringskonferansen Søre Sunnmøre i Ørsta torsdag.

Utviklinga av videoinnsamlingstenesta starta i 2022. I dag har Luups mellom andre Havila Kystruten og lokalavisene Møre-Nytt og Vikebladet/Vestposten på kundelista.

Med dagens kapasitet har Luups nådd taket for kor mange oppdrag selskapet bør handtere, og kapitalutvidinga skal vere med å finansiere vidare vekst, seier Remmereit.

Publisert: 10.04.2025 13:37

Sist oppdatert: 10.04.2025 15:43

Mer om