– Vi treng flåtefornying i offshore. Vi kjem til å trenge ein masse nybygg, men i mange segment er det ikkje rekningssvarande å gjere det enno.
Det var konklusjonen til analysesjef Erik Tønne i Clarksons då han deltok under eit offshoreseminar i Fosnavåg torsdag.
Bakgrunnen er ringverknader frå Iran-krigen, som på sikt vil føre til auka aktivitet i offshore – stort sett alle andre plassar enn i Midtausten.
– Og eg trur den auka aktiviteten kjem uansett om krigen tek slutt i morgon, la Tønne til.
Om ein ser ti år fram og antek at kvar båt i snitt har ein levetid på 25 år, så er halve flåten borte
Aldrande flåte og få nye skip
Kva tid det «losnar» er Tønne forsiktig med å spå – men at det kjem er han trygg på.
– Vi har ein marknad der produksjonen av energi offshore held fram å vekse, både når det gjeld olje, gass og vind, sa han.
Om ti år meiner Tønne aktiviteten for skipa som driv med oljeservice, vindkraftindustri og undervassoperasjonar framleis vil vere om lag som i dag.
Samtidig som ein har ein aldrande flåte, er det få nye skip på veg inn i marknaden.
– Om ein ser ti år fram og antek at kvar båt i snitt har ein levetid på 25 år, så er halve flåten borte, sa han.
– Eigentleg heilt sinnsjukt
Medan det lenge har vore utsikter til fallande oljepris i åra framover, påpeika Tønne at situasjonen er snudd på hovudet i løpet av kort tid.
Årsaka er USA og Israel sitt angrep på Iran – og påfølgande konsekvensar for olje- og gassmarknaden med blokkering av Hormuz-stredet.

Tønne tok i bruk sterke ord då han skulle beskrive kor dramatisk det er for oljemarknaden at kring 20 prosent av den globale kapasiteten i utgangspunktet er falle bort.
– Dette er eigentleg heilt sinnsjukt, sa Tønne og trekte linjene til dei største oljekrisene i historia på 1970 og 80-talet då han skulle finne samanlikningsgrunnlag.
– Ved slike tidlegare oljesjokk har vi sett at prisen både dobla seg, og tredobla seg, påpeika Tønne.
Trur på auka investeringar - utanom Midtausten
– Skilnaden no er at vi ikkje veit kor lenge dette varer, men så lenge uroa held fram – så vil prisen gå opp, la analysesjefen til.
Han understreka at ein oljepris på opp mot 150 dollar truleg ville føre til både børskrakk og resesjon.
Samtidig er det liten tvil om at reiarlaga på Nordvestlandet - og på sikt den maritime industrien - kan vere blant dei som kjem godt ut av krisa.
Analyse-sjefen meiner situasjonen vil føre til at oljeselskapa vil investere meir i andre delar av verda.
– Vi får nok ikkje kompensert nedgangen i Midtausten, med auka i investeringar med ein gong. Men kurva vil løfte seg, sa Tønne.
Det trur han vil skje både fordi oljeselskapa får betre økonomi, men også fordi han trur forsyningstryggleik vil bli viktigare.
– Eg trur det vil kome ei erkjenning av at vi treng meir variert forsyning framover, sa Tønne.

– Dei vil trenge meir båt
Situasjonen i dag er at dei store aktørane i subseamarknaden har rekordstore ordrebøker
– Dei har rekordmykje arbeid dei neste par åra, og det skal gjerast med færre fartøy, sa Tønne.
– Eg er overtydd om at dei vil trenge meir båt, la han til.
Medan marknaden for forsyningsskip har vore tregare, har ratane for ankerhandteringsskip skote til vers.
Analysesjefen understreka at det har vore ei konsolidering i dette segmentet, som har gjort marknaden mykje strammare.
– Færre reiarlag har kontroll over ein større del av flåten i store delar av verda, la han til.
Publisert: 13.03.2026 05:00
Sist oppdatert: 12.03.2026 22:45






