Vard dap Gramipan Kestrel foto Marius 1
VANSKELEG VAL: Korleis kutte CO2-utslepp er spørsmålet mange reiarar stiller seg. Svaret er langt frå opplagt. Skipet Grampian Kestrel til det britiske reiarlaget North Star er det første fartøyet frå Vard som har fått godkjenning for å segle på metanol, og mellom dei første skipa i vindkraftindustrien som er klargjort for ei slik konvertering. Foto: Marius Rosbach
Analyser

Skiftande utsikter for grønt skifte

Internasjonal avtale om CO2-utslepp frå skip utsett. Usemje om norske reglar for offshore. Konsekvensen er større uvisse for reiarlaga.

Marius Rosbach
26.10.2025

Analyse: Utsettinga av ein internasjonal klimaavtale for skipsfarten, viser korleis endringar ein sjølv ikkje rår over, brått legg nye føringar for heile sektorar. 

Maritim næring over store delar av verda var budd på å innføre avtalen omtala som Net-Zero Framework gjennom den internasjonale skipsfartsorganisasjonen IMO. Slik gjekk det ikkje. 

I vår stemte medlemslanda for å innføre den sokalla karbonskatten på skipsfart, og innføre bindande krav om å kutte utsleppa av CO2. Målet var ein reduksjon på 20 til 30 prosent innan 2030 og at skipsfarten skulle vere klimanøytral innan 2050. 

Då saka skulle opp endeleg avgjerd 17. september, hadde stemninga snudd. Ei av årsakene er at USA har trua med å sanksjonere land som støttar opp om avtalen. Etter at forsøket på å bli samde gjekk i vasken er hausten 2026 neste korsveg for eit nytt forsøk. 

Det er openbert eit skog for baugen i det internasjonale arbeidet med utsleppskutt for skipsfarten.

«Svært alvorlig tilbakeslag» var meldinga frå Norges Rederiforbund og analytikarar peikar på at avgjerda vil utgjere ei markert utsetting i arbeidet med maritime utsleppskutt.

Det grip samtidig rett inn drifta til ein rekke reiarlag og aktørar på Nordvestlandet. 

Kva miljøkrav og avgifter som vil gjelde for ulike type drivstoff og teknologiar, er avgjerande for vala som alt frå fiskebåtflåten til offshorereiarlag vil stå i dei neste åra. 

Medan batteridrift har vist seg å vere eit realistisk alternativ for å kutte utsleppa frå ferjedrift, er det uaktuelt for dei fleste andre skipstyper. Alt frå kjernekraft og hydrogen til ammoniakk og metanol kan vere mogleg å realisere for fleire typer skip, men for dei fleste ligg det fleire år fram i tid. 

Per i dag manglar også verdikjeder og infrastruktur langs kysten for at det skal vere realistiske alternativ for større delar av skipsfarten. 

Offshoreflåten er dei neste som ligg an til å møte skjerpa utsleppskrav på heimebane.

Regjeringa har føreslått eit nytt regelverk for miljøkrav til offshoreskip. Tidlegare i oktober blei høyringa avslutta. No skal eit endeleg forslag bli utarbeida av regjeringa. 

Sidan denne analysen mellom anna handlar om skiftande forhold for politiske ønskemål, er det verdt å minne om at forslaget som er utgangspunktet for dei nye krava kjem frå SV. Det blei vedteke i Stortinget hausten for to år sidan og gjekk ut på å krevje nullutslepp frå 2029, etter ein overgangsperiode frå 2025.

Forslaget  som no ligg på bordet, inneberer ein gradvis reduksjon av CO2-utsleppa med 10 prosent i 2029. Målet er ein reduksjon på 40 prosent i 2038-2040 går det fram av høyringsutkastet.

Reaksjonane viser store skilnader i synspunkta til miljøkrav for offshoreflåten. Dei fleste som har levert høyringsinnspel er samd i målet om lågare utslepp – men dei fleste har også innvendingar. 

Grovt sagt kan ein seie at reiarane meiner krava er for strenge i ein tidleg fase, at teknologien ikkje er moden og at ein ikkje tek nok omsyn til operasjonelle realitetar. 

Island Offshore åtvarar mot at norske reiarlag blir påført ei konkurranseulempe om det blir innført særnorske reglar. Det same gjer bransjeorganisasjonar som Maritim Forum, Offshore Norge og Norges Rederiforbund. 

Havila Shipping-reiarlaget er mellom dei som ber styresmaktene vurdere andre tiltak, og at ein bør følgje internasjonale reglar. 

Også klasseselskapet DNV, Sjøfartsdirektoratet og Norsk Industri er mellom dei som peikar på at norske reglar bør følgje internasjonale standardar. 

Miljøstiftinga Zero er mellom dei få som meiner krava bør vere strengare og auke med minst fem prosentpoeng for kvar periode. Også Hexagon Purus Maritime som leverer hydrogensystem, meiner målet bør vere minst 20 prosents reduksjon av CO2-utslepp i første periode frå 2029. 

Biodrivstoff er ein slags joker i diskusjonen. Slik kan ein allereie i dag kan redusere utsleppa kraftig, utan at det trengst investeringar i ny teknologi og båtar. 

Utfordringa er at tilgangen av avgrensa, og norske styresmakter har vore tilbakehaldne med å gå for ei slik løysing. Det blir også hevda at bruk av biodrivstoff, ikkje bidreg til teknologiutvikling og sokalla nullutsleppsløysingar.

I eit intervju med Nett No nyleg fortalde fiskebåtreiar Ståle Dyb at han trudde løysinga for deira del ville bli hydrogen – men ikkje no. 

Nokre dagar tidlegare bad Havila Shipping-sjef Njål Sævik politikarane om meir realisme i politikken og miljøkrav det er mogleg å følgje.

Det einaste reiarar og skipseigarar kan konstatere med vissheit for augneblinken - er at det meste er usikkert. Og at politiske krav og mål kan endre seg. 

Publisert: 26.10.2025 05:00

Sist oppdatert: 25.10.2025 21:15

Mer om