Offshorereiarlag med driftsmargin paa 31 prosent
FOSNAVÅG: Fredrik (t.v.) og Åge Remøy då reiarlaget flytta tilbake til kontoret i Fosnavåg sentrum. 
Nytt

Offshorereiarlag med driftsmargin på 31 prosent

- Driftsmodellen vår no er ulik gamle Rem, seier reiarsjef Fredrik Remøy.

Marius Rosbach
01.09.2020

Nyleg blei rekneskapen til reiarlaget Rem Offshore gjort offentleg frå Brønnøysundregistera. Konsernrekneskapen til reiarlaget viser ein driftsmargin på heile 31 prosent i 2019.

Etter å ha segla inn 497 millionar kroner i løpet av fjoråret, enda driftsresultatet på 155 millionar kroner (sjå tabell til høgre – under om du les på mobil). Då er avskrivingar på 89 millionar rekna inn, der mesteparten er skipsverdiar, ifølgje årsrapporten.

Større musklar til å betene gjelda
Årsresultatet er svært solid i ein bransje der dei fleste konkurrentane framleis slit med å halde seg flytande.

– Det har vore ein styrke at vi har klart å halde ein driftsmargin som gir oss større kapasitet til å dekke kapitalkostnadene våre, seier administrerande direktør Fredrik Remøy til NETT NO.

Samla gjeld auka i løpet av fjoråret, til 1,7 milliardar. Samtidig er meldinga til bankar og aksjonærar er at reiarlaget har større musklar til å betene gjelda enn tidlegare.

– Er det ein lærdom frå tidlegare erfaringar?

– Ja, det kan du seie. Ingenting negativt om kva som er gjort før, men driftsmodellen vår no er ulik gamle Rem, seier Remøy og forklarar at stikkordet er lågare operasjonskostnader, samt auka diversifisering innan seismikk- og fornybar-marknadene.

I dialog om fleire skip
Tidlegare i år tok reiarlaget over psv-en Rem Arctic frå Solstad Offshore. Remøy fortel at dei er på utkikk etter fleire fartøy.

– Vi er i positiv dialog om fleire skip for augneblinken. Vi kjem også til å vere aktive framover, om vi ser båtar vi meiner passar, fortel han.

Reiarlaget har to skip i spotmarknaden, og resten på korte eller lengre kontraktar. Remøy reknar med at det blir ein krevjande marknad til ut i 2021.

– Men vi er trygge på at vi skal gjere det betre enn dei fleste andre i marknaden, legg han til.

Les også: Rem overtar Solstad-skip

11 skip i flåten
Nye Rem Offshore vart starta etter at Åge Remøy tapte kampen om gamle Rem mot Kjell Inge Røkke og Lars Peder Solstad i Solstad Offshore.

Remøy fekk med seg islandske Thorsteinn Mar Baldvinsson og svensk-sveitsiske Magnus Roth, som samla la ein halv milliard på bordet for å byggje opp eit større offshoreselskap nord for Stad.

Ved utløpet av 2019 hadde selskapet seks PSV-ar, to konstruksjonsskip og to seismikkskip. Etter at dei tok over nemnte Rem Arctic har dei 11 skip i flåten, samt eitt skip dei har leigd inn.

Selskapet har overtatt dei gamle Rem-kontora i Fosnavåg sentrum, og har no rundt 400 sjøfolk og 25 tilsette på land.

Les også: Mange feira at Rem flytta heim

- Vi har hatt eit veldig bra driftsår

Usikkert om vidare drift

Her er tre av skipa Solstad vil skrape


Vi er trygge på at vi skal gjere det betre enn dei fleste andre i marknaden

Rem Offshore AS (konsern)

Årsresultat (i mill kr)

2019

2018

Driftsinntekter

497

249

Driftsresultat

155

8

Res. før skatt

52

-89


Publisert: 01.09.2020 05:55

Sist oppdatert: 27.09.2021 21:23