Berre formalitetar står att før Offshore Simulator Center (OSC) i Ålesund får klarsignal til ei treårig utviklingsprosjekt der kunnskap om simulatorbruk i oljebransjen skal overførast til byggebransjen. Ramma for prosjektet er på opp til 18 millionar kroner. Halvparten blir finansiert frå Forskingsrådet, resten av partnarane i prosjektet i følgje dagleg leiar Joel Mills i OSC.
Han har høge ambisjonar.
- Vi ser eit stort internasjonalt potensiale, seier Mills.
Det vises igjen på bontlina i selskapa som tek teknologien i bruk.
- Tid er pengar, seier Mills.
Visualisering betyr at ingeniørar og byggleiing kan sjå prosjektet dei arbeider på, også i tre dimensjonar. Dei kan "vandre" gjennom arbeidsteikningane medan dei planlegg konstruksjon og byggeprosess.
Forenkling av byggeprosessen betyr å trene på sjølv bygginga i simulatorar og mellom luke fekk feil og tidstjuvar før sjølve bygginga tek til.
Oljebransjen er framleis hovudsatsinga for OSC, men Mills er overtydd om at kunnskapen som kjem frå byggebransje-prosjektet kjem til å tilføre olje-satsinga ny kunnskap.
Mills seier det også blir arbeidd for å få inn minst ein storaktør i byggebransjen som partnar.
Han har høge ambisjonar.
- Vi ser eit stort internasjonalt potensiale, seier Mills.
Tid er pengar
Statoil har trena på undervassinstallasjonsarbeidet på Åsgårdfeltet i simulatorane hos OSC i Ålesund, og sparte 50 arbeidsdøgn til havs på den treninga. Erfaringar frå simulatortrening generelt er at det reduserer tidsbruken, og faren for forseinkningar, uventa hendingar og skader med rundt 40 prosent, i følgje Mills.Det vises igjen på bontlina i selskapa som tek teknologien i bruk.
- Tid er pengar, seier Mills.
Overfører kunnskap
Det er spesielt bygging av store bygg prosjektet skal arbeide med og Mills ser for seg to felt det vil bli retta spesiell merksemd mot, visualisering og forenkling av byggeprosessen.Visualisering betyr at ingeniørar og byggleiing kan sjå prosjektet dei arbeider på, også i tre dimensjonar. Dei kan "vandre" gjennom arbeidsteikningane medan dei planlegg konstruksjon og byggeprosess.
Forenkling av byggeprosessen betyr å trene på sjølv bygginga i simulatorar og mellom luke fekk feil og tidstjuvar før sjølve bygginga tek til.
Lærer av kvarandre
Det er ikke så store skilnader på modifikasjonsarbeid på oljeriggar samanlikna med å bygge eit større bygg, seier Mills.Oljebransjen er framleis hovudsatsinga for OSC, men Mills er overtydd om at kunnskapen som kjem frå byggebransje-prosjektet kjem til å tilføre olje-satsinga ny kunnskap.
Fleire partnarar
Pr. i dag kan Mills gå ut med følgande partnarar i byggebransje-prosjektet; ÅKP, Westre-gruppen, Sandbekk og Pettersen Arkitekter, NTNU og Admit.Mills seier det også blir arbeidd for å få inn minst ein storaktør i byggebransjen som partnar.
Publisert: 29.09.2016 16:05
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:01