Emisjon-start på torsdag
Kapitalutviding i landbasert oppdrettselskap startar på torsdag.
Opphavleg var planen å kome i gang med kapitalutvidinga i oppdrettselskapet OFS i førre veke, men lanseringa av kapitilutvidinga gjekk ikkje så kjapt som planlagt.
No har imidlertid tilretteleggarselskapet Dealflow lagt starttidspunktet ut på nettsida si. Torsdag 14 desember går startskotet for den opne delen av kapitalinnhentiga.
OFS i Måløy har eit landbasert lakseoppdrett mellom Måløy og Raudeberg, og ønskje å vekse.
Målet er å få inn minst 56,2 millionar kroner og inntil 94 millionar kroner.
30 millionar kroner er allereie garantert at det blir teikna for, ifølgje styreleiar Ronny Almenning.
Mange små
Dealflow er eit selskap som spleisar mindre investorar med selskap på jakt etter kapital. Modellen er lik den som selskapet Folkeinvest brukar. Terskelen for å bli med er relativt låg, slik at investorar som berre kan eller vil gå inn med mindre beløp også kan bli med.
Blant selskapa som tidlegare har brukt Dealflow er Villa Seafood Group i Ålesund, som henta inn 25 millionar kroner i 2022.
Publisert: 12.12.2023 14:33
Sist oppdatert: 03.01.2024 11:21