Morten Ulstein
BETRE TIDER: Morten Ulstein er dagleg leiar og styreleiar Borgstein-konsernet. Han eig selskapet saman med sine fire søsken
Nytt

Olje-optimisme i Borgstein

Ventar Island Offshore-refinansiering er fullført om kort tid.

29.07.2022

I 2020 gjekk Borgstein-konsernet med nesten 400 millionar kroner i minus (sjå tabell), mellom anna på grunn av store nedskrivingar av skipsverdiane i Island Offshore-selskapa, som Borgstein er medeigar i.

I fjor snudde marknaden omsider for offshorereiarlaga og år går det enda betre, fortel Borgstein-konsernet i 2021-årsmeldinga.

Borgstein er eigd 20 prosent kvar av søskena Morten Ulstein, Svein Idar Ulstein, Henning Ulstein, Håvard Ulstein og Ingunn M. Ulstein Botnen. I tillegg til Island Offshore-medeigarskapet er Borgstein også medeigar i riggselskapet Island Drilling Company og i eigedom.

Refinansiering
Island Offshore har vore gjennom fleire rundar med refinansieringar etter oljeprisfallet i 2014 og krisa for offshorereiarlaga som kom etterpå.

No er den tredje runden snart ferdig ifølgje selskapet.

I løpet av første halvår har dei skipseigande selskapa i Island Offshore Gruppen fått på plass ei langsiktig refinansieringsavtale med långivarane. Det er venta at også morselskapet i Island Offshore og eitt heileigd selskap i Island Offshore Gruppen vil signere refinansieringsavtale med bankane i løpet av kort tid, heiter det i årsmeldinga.

Mohn og Chouest-familien
Borgstein-konsernet eig 20,7 prosent i i boreriggselskapet Island Drilling Company. Resten er eigd av Trond Mohn og den amerikansken Chouest-familien, som også er partnar i Island Offshore Gruppen. Island Drilling Company fekk på plass ein refinaisieringsavtale i 2020, som mellom anna innebar at dei tre eigarane kjøpte ut kreditorar og gav selskapet lån.

Boreriggen til Island Drilling Company har vore i arbeid sidan mai i år og har oppdrag til 1. kvartal neste år. Borgstein meiner det er sannsynleg at Island Drilling Company vil vere i stand til å få nye oppdrag for riggen når dagens kontraktar går ut.

Borgstein as (konsern)
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt347,5162,6

Driftsresultat

49,534,4
Resultat før skatt150,6-396,1

Publisert: 29.07.2022 05:00

Sist oppdatert: 28.07.2022 21:48

Mer om