Oljefondet passerte 14.000 milliardar
Tent inn eit heilt statsbudsjett på to månader. Det har to årsaker.
(NPK-NTB): Vel ein månad etter at oljefondet for første gong var verd over 13.000 milliardar kroner, vart ein ny milepæl passert måndag.
I januar passerte Statens pensjonsfond – utland, betre kjent som oljefondet, 13.000 milliardar kroner.
Første gong oljefondet passerte 12.000 milliardar kroner var i juli 2021. Verdien av fondet fall i fjor og var under 12.000 milliardar før desember.
Sterk aksjemarknad og styrka krone
Sidan har
oljefondet tent inn over eit heilt norsk statsbudsjett. Måndag passerte
pengeverdien på fondet for første gong over 14.000 milliardar kroner.
– Fondet passerte 14.000 milliardar kroner i marknadsverdi for første gong i dag kl. 17.33. Og det berre 32 dagar etter at vi passerte 13.000 milliardar kroner. Auken kjem av at det så langt i 2023 har vore ein sterk aksjemarknad, i tillegg til at den norske krona har svekt seg, seier pressesjef i Noregs Bank Investment Management, Line Aaltvedt til NTB.
Frp: – Uverdig at regjeringa ikkje tek grep
Frps
finanspolitiske talsmann, Hans Andreas Limi, meiner det berre er
statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum
som får gle av at staten er historisk rik.
– Noreg har aldri vore rikare, pengane fossar inn i pengebingen til staten. Samtidig aukar konkursane og køen på fattighuset. Det er uverdig at regjeringa ikkje tek grep for å hjelpe bedriftene og vanlege folk gjennom krisa, seier Limi til NTB.
Det er uverdig at regjeringa ikkje tek grep for å hjelpe bedriftene og vanlege folk gjennom krisa
– Typisk useriøst frå Frp
Fungerande finanspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, Lise Christoffersen, seier dette er typisk useriøst frå Frp.
– Det er barna våre og barnebarna som vil nyte aller best av at pensjonsfondet aukar i verdi. Hadde Frp fått viljen sin hadde vi ikkje hatt denne formuen, partiet ville privatisere Statoil i si tid. Elles har Ap-Sp-regjeringa innført gode støtteordningar både til bedrifter og hushald, og jobbar med å forbetre desse.
Publisert: 07.02.2023 08:44
Sist oppdatert: 07.02.2023 08:51