Lars Wittemann forsyningskjededirektør Ekones ASA Foto Ogne
BYGDE OPP LAGER: Ekornes bygde opp lager for å vere leveringsdyktig då koronapandemien kom, men no er selskapet i ferd med å redusere lagera igjen, fortel forsyningskjede-direktør Lars Wittemann. Pandemien forstyrra forsyningslinene, det tok lenger tid å få kontainerar med varer og komponentar inn til fabrikkane og det var også meir usikkert når dei kom. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Smart med færre egg i ei korg

Innan fem år vil opptil 25 prosent av alt som blir produsert for eksport, flyttast til produksjon i andre land enn i dag.

24.12.2022

Det handlar om varer for inntil 46.000 milliardar kroner, ei gigantisk omlegging i verdshandelen.

Spådommen er det analyseselskapet McKinsey Global Institute – eit dotterselskap av konsulentselskapet McKinsey - som kom med allereie hausten 2020.

Då var problema koronapandemien skapte for internasjonale verdikjeder berre i byrjinga, og i februar 2022 starta Russland invasjonen i Ukraina. Grunnlaget for McKinsey sine vurderingar har berre blitt sterkare sidan rapporten kom ut.

Denne artikkelen har tidlegare blitt publisert i NETT NO-magasinet, og er open også for ikkje-abonnentar. Les heile magasinet her.

Reduserer risiko
Drivkrafta bak endringa McKinsey varslar om er ønskje om å redusere risikoen for krøll på forsyningslinene og stengde marknader, som også næringslivet på Nordvestlandet har fått merke under koronapandemien og Ukraina-krigen.

Ekornes-konsernet er eitt av selskapa som er ein del av trenden McKinsey skriv om.

Vi må heilgardere oss
Forsyningskjede-direktør Lars Wittemann

25 prosent av innsatsfaktorane til konsernet blir laga i Kina, seier forsyningskjede-direktør Lars Wittemann. Dette er produkt som Ekornes etter kvart har fått behov for til nye modellar og har fått produsert hos leverandørar i Kina - frå elektronikk til støypte produkt i plast og metall.

Problemet er ikkje Kina. Problemet er å ha for mange egg i ei korg, slik Wittemann forklarar det. Det gjer Ekornes sårbare for krøll på forsyningslinene. Det var ei vurdering selskapet var i gang med å ta konsekvensen av allereie før koronapandemien kom og viste at risikoen er reell.

Det handlar om å ha fleire leverandørar i fleire land, og ha større lager av produkt der Kina framleis er dominerande leverandør.

- Vi må heilgardere oss, seier Wittemann.

Nådde toppen i finanskrisa
- Dei globale verdikjedene, med tilhøyrande logistikk, blei stadig meir komplekse med stadig større arbeidsdeling, fram til finanskrisa. Då starta ei reversering, seier professor Lasse Lien ved Norges Handelshøyskole.

Koronapandemien og krigen i Ukraina har sett fart på reverseringa.

Fordelen med globaliseringa, billeg produksjon, trumfa i starten risikoen. Risikoen har blitt tydelegare etter kvart.

I rapporten “Risk, resilience and rebalancing in global value chains” som kom ut i august 2020, skriv McKinsey Global Institute at forstyrringar i internasjonale verdikjeder på over ein månad no skjer med 3,7 års mellomrom.

Mellom kvart femte og sjuande år i gjennomsnitt skjer det noko som forstyrrar produksjonen i bedriftene i minst 100 dagar, og kvart tiande år kan bedriftene tape over 40 prosent av driftsoverskotet (før av- og nedskriving) på grunn av slike hendingar.

Å investere for å minimere slike tap kan betale seg i det lange løp, skriv McKinsey Global Institute.

Terje Bøe admdir Spilka Foto Ogne
HEIMFLYTTING: Fem seriøse industribedrifter har tatt kontakt med Spilka i løpet av det siste året, på leit etter ein fabrikk som gjer at dei kan hente produksjon av komponentar heim til Noreg, fortel administrerande direktør Terje Bøe i Spilka. Foto: Ogne Øyehaug

Fem seriøse forespørslar
At endringa er reell kan administrerande direktør Terje Bøe i Spilka stadfeste.

I løpet av dei par siste åra har Spilka fått fem seriøse forespørslar frå store bedrifter som vil flytte mekanisk produksjon heim til Noreg, fortel Bøe til NETT NO.

Spilka i Ålesund lagar vindusbeslag og veggsfasadeløysingar, og kan mekanisk industriproduksjon. Selskapet er midt i oppbygginga av si eiga veggfasadesatsing og har så langt takka nei til forespørslane som har kome.

Spilka sjølv har storparten av sine leverandørar relativt nær, og er no ute etter å hente også den andelen som blir produsert i Asia til produsentar i Europa.

Effekten av pandemien på leveringstid og leveringstryggleik er i ferd med å avta. Under pandemien bygde Spilka opp lageret av varer og komponentar for å sikre at selskapet skulle vere leveringsdyktig til sine kundar. No blir lageret redusert mot før-pandemi-nivå.

Berekraftomsyn står att
Bøe trur pandemieffekten blir borte. Når krigen i Ukraina er over vil også effekten av krigen gradvis gå over. Utviklinga mot kortare forsyningsliner vil likevel halde fram, med berekraftomsyn som den viktigaste drivkrafta, etter Bøe si vurdering.

Kortare forsyningsliner kan redusere energiforbruket til transport og gjere det lettare å bruke utsleppsfrie transportmiddel.

Den nye norske lova om at bedriftene må svare på spørsmål og vere opne om sine leverandørarar og arbeidsvilkåra hos dei favoriserer også å kjøpe deler og utstyr frå leverandørar nærare seg. Til lenger vekke og dess meir ulikt styresett og regelverk enn vårt eige, dess verre er det ha kontroll over at leverandørane innfrir krav til menneskerettar og arbeidsvilkår.

At Spilka kjøper relativt lite frå leverandørar i Asia gjer og at selskapet vurderer arbeidet med å ha kontroll med sine leverandørar der som ein kostnad som ikkje står i høve til gevinsten.

Sjølv om Spilka kjøper ein relativ liten andel varer og komponentar frå Asia er det ei tidkrevande omlegging.

- Før vi er heilt ute av den asiatiske marknaden vil det fort ta to-tre år, seier Bøe.

Kollisjon på Jessheim
Konsekvensen av koronapandemien var både brå og langvarig.

- Dette er som å få ein kollisjon på E6 på Jessheim, seier Lars Wittemann i Ekornes om korleis pandemien skapte kø og forseinkingar som spreidde seg både langt unna og varte lang tid.

Ekornes var kjapt ute med å bu seg på det som kom.

- Vi forstod at denne pandemien ville ramme oss. Det forstod vi allereie 25. januar (den dagen kinesiske styremakter stengde byen Wuhan, der korona først blei registrert, red merk). Då planla vi for fleire scenario seier Wittemann.

Det Ekornes gjorde var å bygge opp lager av komponentar og råvarer. Det betalte seg då det første koronasjokket gav seg etter eit par månader. Folk held seg heime eller i heimlandet på grunn av koronarestriksjonar og brukte pengar på oppussing og møblar i staden for på ferieturar. Då kunne Ekornes levere.

- Vi har halde fram med å bygge opp lagra, heilt til no, seier Wittemann.

Konteinerfrakten blir normalisert
No er leveringstida på varer som blir frakta med kontainerskip på veg ned, og tryggleiken for at dei kjem til planlagt tid er aukande.

Men det tek tid å kome attende til tilstanden før korona.

Det tok nesten heile 2020 før Ekornes byrja å merke noko til at pandemien forstyrra kontainerskipstrafikken, og tilsvarande lang tid tek det før trafikken kjem attende til før-korona-tilstanden.

Det er difor Wittemann samanliknar det med ein kollisjon på E6 ved Jessheim. Er det stor trafikk merkar du effekten av kollisjonen langt nord i Gudbrandsdalen fleire timar etter.

Globalisering effektivt - når alt går bra
Auka globaliseringa var effektivt - så sant alt gjekk som det skulle. Men til meir innvevd økonomien i ulike land er i kvarandre, dess raskare og meir omfattande blir dei negative ringverknadane når noko ikkje går som det skal.

NHH-professor Lasse Lien brukar tsunamien som råka Japan i 2011 som døme. Den råka også internasjonal bilindustri.

- I dei berørte områda blei det laga komponentar til heile bilindustrien, seier Lien.

Ein annan potensiell risiko er Taiwan sin store betydning som produsent for halvleiarar og avanserte databrikkar.

- Det er masse typar sjokk og forstyrringar desse verdikjedene blir sårbare for, seier Lien.

Halvleiarar og databrikkar er ikkje åleine om å ha ein svært konsentrert produksjon. I alt er det 180 produkt som blir handla verda over der storparten av produksjonen foregår i berre eitt land, ifølgje McKinsey Global Institute.

Podium

E19/S3 Kven skal bygge distrikta om kapitalen vert pressa ut av landet?

Teknologidriven heimflytting
EU sin sentralbank kom i år med ein rapport (Global value chains, measurmenst, trends and drivers) som langt på veg konkluderer som Lien og McKinsey. Etter fleire tiår der internasjonal handel veks raskare enn verdsøkonomien, har globaliseringa mista fart.

Internasjonal handel blir meir regional, mindre global. Med andre ord, bedriftene vil ha leverandørane sine tettare på seg.

Drivkreftene bak globaliseringa er reverserte.

Transportkostnaden og lønene i lavkostland har gått opp. Tollmurar og andre hinder for handel har blitt høgare. Automatisering har gjort at lønskostnader spelar mindre rolle for produksjonskostnadene. Land med store framveksande økonomiar har blitt meir innoverretta og gjer seg mindre avhengige av import.

Vil betale ekstra for tryggleik
Lars Stenerud er dagleg leiar i plastkomponentprodusenten Plasto på Åndalsnes.

Dei siste 10 åra har praktisk alle støypeformene Plasto brukar blitt laga i Kina, men i fjor kom det for første gang forespørslar som endra på det.

Lars Stenerud innfelt Plastom foto Plasto 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
FLEIRE KUNDAR TIL PLASTO: Johan Fagerheim (biletet) har arbeidd hos Plasto på Åndalsnes i 35 år og var ein av dei første i selskapet som spesialiserte seg på støyping av store plastkomponentar, eitt av største satsingsområda til bedrifta i dag. Innfelt medeigar og dagleg leiar Lars Stenerud. Foto: Plasto

No vil kundane betale ekstra for tryggleiken i å ha produksjonen nærare seg.

- I Plasto har vi kundar som krev at formene skal vere bygde i Europa, sjølv om det er vesentleg dyrare og tek mykje lenger tid. Det er ingen tvil om at kundane har blitt meir medvetne om leveringstryggleik, både i høve til tid og pris, seier Stenerud.

Stenerud seier Plasto er godt nøgd med dei kinesiske bedriftene som har laga former for selskapet, men med reiserestriksjonane inn i Kina på grunn av koronapandemien har det blitt utfordrande å ha all produksjon av støypeformer der.

- Det ser vi som utfordrande no, når vi ikkje får reise dit, seier Stenerud.

Ei delt verd
Globalisering blir erstatta av regionalisering, skriv Kjell A. Nordström i si siste bok, “Momentum”. Den svenske økonomiprofessoren har ei lang karriere som forfattar og foredragshaldar om økonomi og samfunnsutvikling.

Verda kjem ikkje til å smuldre opp i nasjonalstatar, men blir delt i fleire store blokker. Nordström trur USA, Europa, Australia, New Zealand, Sør-Korea og Japan kan bli ei blokk, Kina og land Kina greier å knyte til seg ei anna blokk, Russland ei tredje.

Innan kvar blokk blir det omfattande handel, som i dag. Men mellom blokkene blir det mindre.

Publisert: 24.12.2022 05:00

Sist oppdatert: 26.12.2022 20:20

Mer om