Greentech 2021
NORWEGIAN GREENTECH: Oddvar Johan Roseth (bak), Algis Paulauskas, Børge Gjelseth, Kristoffer Berge (bak) og Håvard Gjelseth. Foto: NGT
Nytt

Omorganiserer og forventar vekst

Norwegian Greentech flyttar inn i større lokale, omorganiserer og tilset fleire.

21.06.2021

- Alt no i juni er vi trygge på at vi kjem til å nå budsjettert omsetning for 2021, og etterspurnaden etter anlegga våre lovar godt også for ein kraftig auke i 2022.

Det seier dagleg leiar Håvard Gjelseth i ei pressemelding frå Herøy-selskapet.

Norwegian Greentech lagar anlegg for ballastvatn, og har siste åra auka omsetninga kraftig.

Service og ettermarknad
Dette gjer at selskapet omorganiserer. Det vert opplyst at Børge Gjelseth held fram som leiar for avdeling for sal og marknad. Oddvar Johan Roseth går inn i ei leiande stilling i prosjektavdeling, medan Kristoffer Berge vert leiar for teknisk avdeling.

I tillegg vert det også ei tydelegare avdeling for service- og ettermarknad som skal leiast av Algis Paulauskas.

- Vi tydeleggjer no både avdelingar og leiarskap slik at vi skal effektivisere produksjonen og gi kundane våre endå betre og meir effektiv oppfølging, seier Håvard Gjelseth.

Brønnbåtar og industrivatn
Han opplyser at satsinga på service og ettermarknad som ein heilt naturleg konsekvens av at det er stadig fleire anlegg frå Norwegian Greentech som er i drift på båtar over heile verda.

Selskapet opplyser at ein forventar ikkje berre å vekse innanfor system for behandling av ballastvatn, men også innan behandling av vatn om bord i brønnbåtar og reinsing av industrivatn, for eksempel på landanlegg i havbruksnæringa.

Publisert: 21.06.2021 09:33

Sist oppdatert: 21.06.2021 11:05

Mer om