Omstillinga er slett ikkje over
ÅLESUND: Tore Ulstein meiner næringslivet må verte flinkare til å hente lærdom utanfor sitt eige miljø.
Nytt

- Omstillinga er slett ikkje over

Ulstein Verft er på rett veg, men Tore Ulstein slår fast at omstillingsarbeidet langtfrå er slutt. Og det har kosta dyrt.

08.11.2017
- Ja, vi er på rett veg, og vi har klart det før, sa viseadministrerande direktør Tore Ulstein i Ulstein Group under Verftskonferansen i Ålesund onsdag.
Tysdag flagga Ulstein kontrakt på til Lindblad Expeditions Holding, eit reiarlag som samarbeider med National Geographic.
- Men no må vi klare å bevise at vi klarer å levere i samsvar med kontrakt. Det vert krevjande, sa Ulstein.

Investerer under tap

Han la ikkje skjul på at verftet har slite etter at det vart så å seie slutt på bygging av offshoreskip.
Verftet har tapt pengar, og det har vore oppseiingar og permitteringar.
- Det er ein krevjande situasjon å tape pengar samstundes som du skal investere pengar i det du skal tene pengar på i morgon, sa Ulstein.

Sverige meir kompleks

Han åtvara mot å tenkje for kortsiktig i ei tid då omstilling er nødvendig.
- Vi er nøydd til å tenkje langsiktig for å lukkast. Dette er ein lang prosess.
Han viste til at næringskompleksiteteten i Norge er mykje lavare enn i Sverige, der Norge ligg på 35. plass medan Sverige er nummer 5 av 126 land som er med i statistikken.
- Til større næringskompleksitet, til lettare er det å omstille seg. I Norge er vi i dag veldig fokuserte på olje og gass, og deretter har vi fiskeri.
- No er vi nøydde til å tenkje og satse breiare.

Breidde og djupne

Ulstein ivra for samarbeid og læring på tvers.
- Spørsmålet er korleis vi få til samarbeid frå individuelt nivå, til avdeling, bedrift, klynge og vidare til nasjon.
- Vi må tenkje både breidde og djupne i utvikling av kompetanse.
Ulstein meinte at det ligg eit stort potensiale i samarbeid.
- Vi må leite etter det vi kan gjere saman med andre, gjerne på ein annan måte enn før.
- Og så må vi verte linkare til å hente inspirasjon utanfor vårt eige miljø, sa Ulstein.
Det er ein krevjande situasjon å tape pengar samstundes som du skal investere pengar i det du skal tene pengar på i morgon

Publisert: 08.11.2017 09:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15