Ny eigar paa Moltustranda
KONKURS: Atlantic Seafood dreiv fiskeforedling i dette industribygget på Moltustranda. Omlag 200 personar sto på lønningslista ved konkursen i november 2022.
Nytt

Opna konkurs alt for seint

Bustyraren har meld Atlantic Seafood til politiet fordi selskapet venta alt for lenge med å gå til skifteretten.

22.01.2024

Konkursen i Atlantic Seafood, som dreiv fiskeforedling på Moltustranda i Herøy, vart opna 21. november 2022. Det skulle seinast skjedd rundt årsskiftet 2021/2022, ifølgje sluttmeldinga frå bustyrar Jørund Knardal.

I sluttmeldinga refererer Knardal til burevisor sin konklusjon om når Atlantic Marine var insolvent - som betyr at selskapet mangla midlar til å gjere opp for seg og hadde tapt eigenkapitalen

"Selskapet etter vår oppfatning insolvent mer enn ett år før konkursåpning (21. november 2022) og selskapets ledelse og styre burde ha tilstrekkelig informasjonsgrunnlag til å forstå dette. Plikt til å begjære oppbud var etter vår oppfatning tilstede vesentlig tidligere enn konkursåpning, og antagelig allerede rundt årsskiftet 2021 /2022.", heitte det i burevisor sin rapport.

Meldt til politiet
Politiadvokat Hilde Haugen i Møre og Romsdal Politidistrikt stadfestar at politiet har mottatt ein anmeldelse og at saka er under etterforskning.

At selskapet dreiv vidare etter at det var insolvent er ein av grunnane til at Knardal melde konkursen til politiet då burevisorrapporten var klar sommaren 2023.

I meldinga er det også peika på moglege lovbrot ved at rekneskap ikkje er sendt inn innan gjeldande fristar at rekneskap ikkje var ajour og at dokumentasjon mangla.

Bustyrar har ikkje funne grunnlag for konkurskarantene.

Ny start på Moltustranda
- Vi har gjort ei heilheitsvurdering av investeringa og av framtidspotensalet på Moltustranda, og planlegg produksjon av laksefilet og andre lakserelaterte produkt.

Det skreiv Daniel Andersen i ein epost til NETT NO i 2021. Den Vilnius-baserte altaværingen kjøpte gjennom selskapet Legemyrane 4, som er eigd av Andersen sitt litauiske selskap Proximus Global, dei tidlegare anlegga til Sunsea og Sunsea Seafood på Moltustranda.

Reetablering av fiskeindustri i bygget gjekk ikkje så bra.

Den utløysande årsaka til konkursen var at to store kundar held att betaling etter at det var funne bakteriar i fisken, og slutta å levere fisk til anlegget.

I fjor var Andersen varetektfengsla i ein periode i samband med at han var sikta for grovt skattesvik, i samband med utleige av arbeidskraft til fiskeindustrien i Nord-Norge. Siktinga har ikkje noko med drifta på Moltustranda å gjere.

I dag er det uavklart om og eventuelt når det blir rettsak mot Andersen, følgje forsvararen hans, Birte Hansen Norgård i Elden advokatfirma.

200 tilsette
Ved konkursopning var det omlag 200 tilsette som hadde uteståande krav på løn og feriepengar i selskapet.

Tilsaman vart det meldt inn 61 krav på i alt 42 millionar kroner, 35 millionar av dei uprioriterte krav. Selskapet hadde 8,2 millionar kroner på konto og knappe 0,9 millionar kroner til gode frå Fjordkraft ved konkursen.

Daniel Andersen var styreleiar frå januar 2021 til mars 2022. Deretter overtok Bjarte Aambø, til 2. november 2022. Ved konkursopning hadde styret fråtredd, skriv bustyraren i rapporten.

Publisert: 22.01.2024 13:50

Sist oppdatert: 22.01.2024 14:50

Mer om