Opnar naturpark ved skjult perle i Geiranger
DAGLEG LEIAR OG EIGAR: Eirik Vaage (innfelt) har tidlegare vore profilert som leiar for X2 Festivalen. No tek han sats som dagleg leiar og majoritetseigar i Explore Geiranger Naturpark.
Nytt

Opnar naturpark ved «skjult perle» i Geiranger

Om få dagar opnar Eirik Vaage ein ny spektakulær attraksjon midt i turistbygda. Hotel Union Geiranger er med på eigarsida.

Marius Rosbach
23.06.2020

Nesten midt i Geiranger sentrum ligg det Eirik Vaage omtalar som «ei skjult perle». Men i løpet av kort tid, vil langt fleire oppdage Dynamittfossen langs Geirangerelva, når Explore Geiranger Naturpark opnar 1. juli.

– Det er nesten ingen som har sett denne fossen og juvet, sjølv om den ligg berre nokre minutt til fots frå Hotel Union Geiranger, har det ikkje vore lagt til rette. Det var veldig kult å finne ei slik skjult perle midt i ein slik megaturistdestinasjon, fortel Vaage til NETT NO.

Fotograf og hotell på laget
Saman med fotograf Marius Beck-Dahle frå Volda og Hotel Union Geiranger, står voldingen bak selskapet som har satsa kring sju millionar kroner på den nye aktivitetsparken. Dei har også fått støtte frå Innovasjon Norge i arbeidet.

nettnohalf

– Vi ville bygge varig og solid, og då er det kostbart. Berre reguleringa kostar betydeleg, seier Vaage.

Mange kjenner Eirik Vaage som mangeårig leiar for X2 Festivalen, der han no er styreleiar. «Dagjobben» framover vil i første rekke vere som dagleg leiar i den nye naturparken.

– Vi er fire tilsette no i sesongen, og nokre på deltid så får vi sjå korleis det går. Vi treng ein del besøk for at det skal gå i pluss. Men marknadsgrunnlaget her svært gunstig, så vi trur det skal vere ei sunn investering, forklarar han.

Les også: Geiranger opnar igjen

God tilstrøyming av norske gjestar til Geiranger Hotel

Klatreruter og luftige svev
Parken inneheldt ei Via Ferrata-klatrerute med utfordringar som «nepalbruar» og heile fem doble zipliner. I de ulike løypene kan ein få skikkeleg «sug i magen», trygt sikra med klatreutstyr.

– Det er mange krav å følgje, mellom anna til sikkerheit. Guidane våre er sertifisert for alle moglege scenario, legg Vaage til.

Naturparken er bygd med tanke på dei fleste aldrar, også familiar. For å Via Ferrata-ruta må ein vere ti år, og ein må vege minst 25 kilo for å ta ziplinene.

Banka på dører til grunneigarar
Vaage meiner noko av nøkkelen til at prosjektet er realisert, ligg i lokalmiljøet og framgangsmåten.

– Eg starta med å banke på dører i Geiranger og snakke med lokale grunneigarar. Vi lurte på om dei synest det ville vore gøy å finne på noko meir naturbasert, og alle var veldig positive, fortel han.

I presseomtala påpeiker dei at løypestrengen tidlegare var ei livsnerve i bygda til å transportere både mat og anna, til og frå dei mange fjellgardane.

Mange nyetableringar
Det har blitt betydeleg auka konkurranse i marknaden for ulike aktivitetsparkar på Nordvestlandet dei siste åra.

nettnohalf

For to år sidan opna ein klatrepark på Bjorli, året etter på Stryn, og i år opnar ein klatrepark ved Tusten i Molde. I tillegg er det starta innandørs aktivitetspark på Blindheim i Ålesund, og snart opnar ein trampolinepark på Digerneset.

Dagleg leiar Erlend Hjelme i Valldal Aktivitetspark fortalde til NETT NO at dei hadde merka konkurransen på omsetninga, og at det var ei overetablering av klatreparkar.

– Dette er ei litt anna naturoppleving enn du kan forvente i ein del andre parkar. Samtidig er det klart at det kan bli for mange parkar. Ein skal vere bevisst på kvar ein legg nyetableringar, og eg meiner det bør ligge sentralt i høve logistikk for å skape ei god næring i åra som kjem, meiner Vaage.

Korona-utsetting
I innspurten av opninga fekk dei utfordringar med koronapandemien, men Vaage fortel at det ikkje har skapt dei store problem.

– Vi måtte skyve litt på opninga, og kom halvannan månad på etterskot, seier han.

No ser han fram til å sette i gong.

Les også: Aktivitetspark håpar heimeferie bergar sesongen

Uteguiden og Valldal Naturopplevingar går saman

Venter spent på åpning for tyske turister


Marknadsgrunnlaget her svært gunstig, så vi trur det skal vere ei sunn investering

Publisert: 23.06.2020 16:03

Sist oppdatert: 27.07.2021 09:00