Neste veke er det klart for opning av eit nytt nasjonalt testsenter i Sykkylven.
Etter at møbel- og designbransjen har stått utan eit tilbod der dei kan få utført akkreditert testing i Norge, blei det i fjor lagt planar for å etablere eit nytt senter i kommunen.
No er alt klart og tysdag 28. januar blir dørene opna for Plusslab Testsenter ved Næringsfabrikken i Sykkylven.
– Det har vært utført eit meget godt arbeid i prosjektgruppa, uttaler bransjesjef Egil Sundet i Norsk Industri Designindustrien i ei pressemelding i samband med opninga.
Han roser arbeidet som er lagt ned av prosjektleiar Gry H. Stavseng i Gagn. Ho fortalde til Nett No i haust at alt låg til rette for at det ville kome eit senter på beina i løpet av kort tid.
15 bedrifter med frå start
For drifta er det inngått partnaravtaler med kring 15 bedrifter. Mange av dei er store møbel- og madrassprodusentar, men det er også aktørar innan arbeidskle og tekstilar.
Avtalane sikrar selskapet eit økonomisk grunnlag. Etter kvart som senteret blir akkreditert, vil det også kome inntekter frå testing, blir det påpeika i meldinga.
Både bransjeforeininga Norsk Industri Designindustrien, Ekornes, Wonderland og LK Hjelle Møbelfabrikk har vore med i prosjektarbeidet.
Tidlegare senter lagt ned
Nedlagde Riss Testlab i Sykkylven har tidlegare gjort slike akkrediterte testar for møbel- og designbransjen.
Grunna låg bemanning missa testlab-en retten til å drive akkrediterte testar i 2020. Mot slutten av 2023 blei senteret lagt ned, til fortviling for bransjesjef Egil Sundet i Norsk Industri.
Resultatet var at produsentar måtte sende produkta sine utomlands for å gjere testar etter europeiske kvalitetsstandardar.
Publisert: 22.01.2025 11:14
Sist oppdatert: 22.01.2025 11:25