Entec anlegg i Salten foto Entec
TANKAR: Entec-selskapet Brimer Servitech lagar mellom anna kar for oppdrettsanlegg på land. Illustrasjonsfoto: Entec
Nytt

Oppdrettskontraktar for 50 millionar

Entec-selskap skal levere til Hofseth-anlegg og Sande Seafarm.

25.10.2021

Entec-selskapet Brimer Servitech har i haust inngått avtalar om å levere tankar og tilhøyrande utstyr til landbaserte oppdretts for 50 millionar kroner, skriv selskapet i ei pressemelding.

Over halvparten av ordreinngangen kjem frå selskap på Nordvestlandet.

Hofseth Aqua skal ha seks kar til neste byggesteg på smoltanlegget sitt i Tafjord. Kara blir fem meter høge og får 18 meter i diameter.

Til kveiteoppdrettaren Sande Seafarm i Gjerdsvika skal det leverast åtte kar, to meter høge og åtte meter i diameter.

Saman med ein markant auke i leveransane av høgdebasseng til norsk kommunar, gjer dette at Brimer Servitech og Evotec veks betydeleg i 2021.

- Etter eit krevjande Covid-år i 2020, har aktiviteten vore markant høgare i 2021 og selskapet erfarer sterk vekst i2021, seier konsernsjef Håvard Haanes i pressemeldinga.

Publisert: 25.10.2021 16:29

Sist oppdatert: 25.10.2021 16:29