Avtalen er sikra F v styreleiar Knut Eikeland og dagleg leiar Hans Cato Haddal i Bulandet Miljøfisk konsernsjef Håvard Haanes i Entec Group og dagleg leiar i Brimer Servitech AS Tore Jakob Reite FOTO PRESSEFOTO
LANDBASERT OPPDRETT: F.v. styreleiar Knut Eikeland og dagleg leiar Hans Cato Haddal i Bulandet Miljøfisk, konsernsjef Håvard Haanes i Entec Group og dagleg leiar i Brimer Servitech AS, Tore-Jakob Reite. Tankane til anlegget skal lagast av Entec-selskapet Brimer på Kvamsøya. Foto: Pressefoto
Nytt

Brimer-tankar til oppdrettsanlegg

Ein «betydeleg kontrakt», seier selskapet.

02.06.2021

Oppdrettselskapet Bulandet Miljøfisk har bestilt 28 store oppdrettskar frå Brimer på Kvamsøya.

Kara blir ni meter djupe og får ein diameter på 24 meter. Dei skal brukast i eit oppdrettsanlegg som både kan levere smolt og drette opp fisken heilt til den er fem kilo og slakteklar.

Brimer opplyser ikkje prisen på oppdraget, men seier det er snakk om «ein betydeleg» kontrakt for selskapet.

Den første fisken skal settast ut i anlegget neste år. Brimer ein ein del av Entec-konsernet, med hovudkontor i Ulsteinvik.

Publisert: 02.06.2021 13:28

Sist oppdatert: 02.06.2021 16:18

Mer om