Nytt
Oppdrettsvekst i nedlagt møbelfabrikk
Stein Inge Rem er i ferd med å doble driftsinntektene for andre gong på fem år. Oppdrett sikra opptur i nedlagt møbelfabrikk i Liabygda.
09.02.2016
Rem sitt heileigde selskap, Rempro, har gått frå knappe seks millionar kroner i driftsinntekter i 2011 til 20 millionar kroner i fjor. I år er budsjettet 25 millionar, og mykje av årsaka til veksten skuldast suksessen i oppdrettsnæringa.
Den tidlegare mjølke- og jordbærbonden kjøpte utstyr frå sin tidlegare arbeidsgivar Laader Berg og etablerte Rempro, då selskapet la ned avdelinga i Valldal i 2004.
For fem år sidan gjekk han inn i oppdrettsnæringa for alvor, og då skaut driftsinntektene i veret.
Hovudproduktet er rørstenger i glasfiber til å halde oppe fuglenetting over oppdrettsanlegg. Selskapet lagar og botnringar i komposittt til oppdrettsanlegg. Til saman står oppdrettsnæringa for rundt halvparten av driftsinntektene i selskapet, og er også den viktigaste årsaka til veksten som har vore.
Oppdrett står for om lag halvparten av inntektene.
På produktlista står og merkestenger til linefiske, delar til elektriske koblingsskap, signalstenger til jernbanen, stenger til sjømerke og ulike deler i kompositt til bruk både i bygg og veganlegg.
Men det som Rem vonar kan bli det største og viktigaste bedrifta lagar om nokre år er kraftstolpar i kompositt. Kraftstolpar i tre har den ulempen av dei er impregnert med , eit miljøskadeleg stoff som allereie er forbode brukt på ei rekkje område. Eit godt alternativ til kreosotimpregnerte trestolpar vil difor ha gode sjansar til å slå gjennom, meiner Rem.
Framleis står det att mykje utviklingsarbeid, men skulle stolpen bli en suksess vil Rem snart trenge meir plass då produksjonen blir meir plasskrevjande enn i dag.
- Då må vi enten finne oss ein annan nedlagt møbelfabrikk, eller så må vi bygge på, seier Rem.
Det kan skje ved å utvide arbeidsstokken, men også ved å utvide samarbeidet med andre bedrifter. Spesielt vil kraftstolpeproduksjonen vere eit så stort steg å ta at Rem meiner det er naudsynt å inngå alliansar.
Den tidlegare mjølke- og jordbærbonden kjøpte utstyr frå sin tidlegare arbeidsgivar Laader Berg og etablerte Rempro, då selskapet la ned avdelinga i Valldal i 2004.
For fem år sidan gjekk han inn i oppdrettsnæringa for alvor, og då skaut driftsinntektene i veret.
Tok over møbelfabrikk
I dag held Rempro til i bygget som tidlegare husa møbelfabrikken Sverre Møbler i Liabygda.Hovudproduktet er rørstenger i glasfiber til å halde oppe fuglenetting over oppdrettsanlegg. Selskapet lagar og botnringar i komposittt til oppdrettsanlegg. Til saman står oppdrettsnæringa for rundt halvparten av driftsinntektene i selskapet, og er også den viktigaste årsaka til veksten som har vore.
Stor på oppdrett
Dei sju tilsette i Rempro lagar rør og profilar i , først og fremst av glasfiber og polyester.Oppdrett står for om lag halvparten av inntektene.
På produktlista står og merkestenger til linefiske, delar til elektriske koblingsskap, signalstenger til jernbanen, stenger til sjømerke og ulike deler i kompositt til bruk både i bygg og veganlegg.
Men det som Rem vonar kan bli det største og viktigaste bedrifta lagar om nokre år er kraftstolpar i kompositt. Kraftstolpar i tre har den ulempen av dei er impregnert med , eit miljøskadeleg stoff som allereie er forbode brukt på ei rekkje område. Eit godt alternativ til kreosotimpregnerte trestolpar vil difor ha gode sjansar til å slå gjennom, meiner Rem.
Kan trenge meir plass
Utanfor fabrikken i Liabygda står ein ferdig produsert kraftstolpe i kompositt til testing. Eitt av kriteria for å lukkast er at den kan klatrast i med vanlege stolpesko, og det kan den takka vere eit belegg på utsida som gir godt grep, i tillegg til ei overflate og ein farge som gjer at stolpane ikkje skil seg så mykje ut frå trestolpar.Framleis står det att mykje utviklingsarbeid, men skulle stolpen bli en suksess vil Rem snart trenge meir plass då produksjonen blir meir plasskrevjande enn i dag.
- Då må vi enten finne oss ein annan nedlagt møbelfabrikk, eller så må vi bygge på, seier Rem.
Utvidar
Veksten Rem ser for seg og satsar på innber også at han må auke kapasiteten, først og fremst innan utvikling og sal/marknadsføring.Det kan skje ved å utvide arbeidsstokken, men også ved å utvide samarbeidet med andre bedrifter. Spesielt vil kraftstolpeproduksjonen vere eit så stort steg å ta at Rem meiner det er naudsynt å inngå alliansar.
Då må vi enten finne oss ein annan nedlagt møbelfabrikk, eller så må vi bygge på
Publisert: 09.02.2016 15:58
Sist oppdatert: 16.03.2022 14:29