Valldal Adventure Valley skjermfoto valldal no 11
REISELIVSAMARBEID: Slik presenterer Valldal-bedriftene seg på nettsida som er lansert for å trekke fleire besøkande til bygda i Fjord kommune. Skjermfoto: Valldal.no
Nytt

- Opplevingsbygda nummer 1 på Sunnmøre

Reiselivsbedrifter ruller ut felles marknadsføring.

Marius Rosbach
23.01.2023

Seks reiselivsbedrifter i Valldal er snart i mål med eit samarbeidsprosjekt om ein felles merkevare-strategi. I fleire år har dei jobba med å utvikle Fjord-bygda som «The Adventure Valley» og no rullar dei ut resultatet.

- Vi vil profilere Valldal som opplevingsbygda nummer 1 på Sunnmøre, heiter det i ei pressemelding frå nettverket.

Har vekse frå fire til seks bedrifter
Valldal Aktivitetspark gjekk først saman med fire andre Valldal-bedrifter: Kulå Bowling, Valldal fjordhotell, Meretes Garden og Valldal Naturopplevingar.

Sidan har sistnemnte gått inn i Uteguiden, som dermed har kome med i prosjektet, i tillegg til Blåtind Boutique Hotel/Petrines.

- Målet er utstrekt samarbeid, profesjonalisering av reiselivsprodukta vi tilbyr her inne, fokus på godt vertskap og at vi er tilgjengeleg heile året rundt, heiter det i meldinga.

Oppmodar fleire til å ta del
No er det lansert nettside og profiler på Instagram og Facebook, og dei oppmodar fleire bedrifter til å ta i bruk #theadventurevalley, når det blir lagt ut postar i sosiale media.

- Vi er ikkje ein formell, juridisk organisasjon, men vi har gått saman for lettare å bli synleg både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, opplyser bedriftene.

- Økonomisk sett er det også meir gunstig å marknadsføre oss saman enn kvar for oss, heiter det vidare.

Samlingar og arbeidsmøte
Nettverket tok i bruk det engelske uttrykket på det populære turistområde i 2019, men sidan har pandemi og reiserestriksjonar teke mykje av fokuset i bransjen.

Bedriftene fortel at dei har fått støtte frå Innovasjon Norge og Næringsfondet i Fjord kommune slik at dei har hatt høve til å leige inn gode konsulentar.

Prosjektet har tatt form gjennom samlingar og arbeidsmøte, og dei har jobba tett saman med prosjektleiar Terese J. Moen på Fjordhagen.

Publisert: 23.01.2023 11:34

Sist oppdatert: 23.01.2023 11:49

Mer om