Iselin Nybø Oscar Almgren foto Marius Rosbach 111
«MINIKONSERN»: Uteguiden-selskapet har med åra vekse til eit minikonsern med fleire bein å stå på. Med utgangspunkt frå Stranda, driv Oscar Almgren også verksemder i Ålesund, Valldal og Åndalsnes. Her er han på vatnet med dåverande næringsminister Iselin Nybø. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Den beste sommaren nokonsinne

Betalingsvillige amerikanske reisande er mellom dei som gjer at Uteguiden-sjefen endeleg kan smile breitt igjen.

Marius Rosbach
18.08.2022

Etter fleire år med koronapandemi og ei verksemd med berg- og dalbanesvingingar i aktiviteten, har det vore fullt køyr for Uteguiden i sommar.

Tur- og aktivitetsselskapet som Oscar Almgren starta i 2008, har lagt bak seg «den beste sommaren nokonsinne», er den gledelege beskjeden frå svensken som er største eigar og dagleg leiar.

– Vi dobla omsetninga i mai og juni, samanlikna med førre året, og vi har vore godt over i både juli og august, oppsummerer Almgren sesongen.

Han legg ikkje skjul på at det er godt etter nokre år med intens jobbing under pandemien.

– Det er fint å vere tilbake til meir stabilitet og iallfall ei meir form av å vere normalt, seier Almgren.

Nytt underskot i fjor
2021-rekneskapen for Uteguiden As som no er offentleg, viser at aktiviteten var på veg opp, etter eit botnår i 2020. Samanlikna med «koronaåret» 2020 blei omsetninga dobla.

På botnlinja vart det nok eit år med underskot i 2021, men langt mindre enn i 2020. (sjå tabell under).

I tillegg til turaktivitetar, består Uteguiden-konsernet av eit Surdeigsbakeri og kafe i Stranda sentrum.

Dei siste åra har også Erlend Hjelme og Erlend Ringstad kome inn på eigarsida, saman med Oscar Almgren.

Uteguiden AS
Årsresultat (i mill kr)
2021 2020
Driftsinntekter 11,9 5,2
Driftsresultat -0,2 -0,7
Res. før skatt -0,2 -0,7

Amerikanske turistar er viktig gruppe

Sjølv om det i år har vore ein del færre nordmenn på tur i år, har dette i stor grad blitt erstatta av besøk frå utlandet. Amerikanske turistar utgjer ein av dei viktigaste kundegruppene for Uteguiden.

– Det er ei kjøpesterk gruppe som har kultur for å bruke guide på tur. Dei vil gjerne dra på tur over fleire dagar og bookar gjerne i god tid, fortel Almgren.

Turselskapet har óg mange skandinaviske reisande og turistar frå Mellom-Europa, som Benelux-landa.

Almgren påpeiker at det er turoperatørane dei har samarbeida med over fleire år, som sørger for å «levere» reisande.

(saka held fram under)

Almgren ventar rekordvinter
GOD SOMMAR: Oscar Almgren og Uteguiden legg bak seg sin beste sommarsesong nokon gong. Foto: Ogne Øyehaug

Fleire enn 20 guider i jobb
Då Uteguiden starta opp var vinteren høgsesong med klart størst aktivitet. I sommar har dei hatt heile ti guider i arbeid både på Valldal og i Ålesund, i tillegg til tre på Stranda.

– Den største utfordringa i sommar har vore å få tak på nok folk og utstyr, fortel Almgren.

Utlendingane bryr seg også generelt mindre om dårleg vêr, kan Uteguiden-sjefen stadfeste.

– Det kulaste er kanskje at vi har klart å levere med det veret vi har hatt på Sunnmøre. Det jo vore 14 grader og regn i heile sommar, utbryter Almgren.

Kajakkpadling superpopulært
Kajakkpadling er mellom aktivitetane med størst auke – på fleire hundre prosent. Færre har vore på rafting i Valldalen i sommar.

Landevegssykling er ein anna aktivitet som er blitt meir populær. Då dei skulle kjøpe inn nye syklar, valde dei det det norske Fara-merket, som Almgren veit leverer «dei kulaste syklane» - og kvalitet.

Kvalitet er framleis eit stikkord for verksemda svensken held på med.

– Eg trur det vil vere viktig framover å halde fram med å levere kvalitet, og ikkje gå i fella med å ta billege løysingar.

Publisert: 18.08.2022 05:00

Sist oppdatert: 18.08.2022 16:03

Mer om