NTB 71o3nwbi DLQ 1
Helge André Njåstad i Frp kom med harde skuldingar mot fiskeripolitikken til regjeringa under eit seminar fredag. Arkivfoto: Terje Pedersen / NTB/ NPK
Nytt

– Det er veldig rart at det ein driv med i hovudstaden er å lage problem for næringa

Frp med harde skuldingar mot regjeringa sin fiskeripolitikk.

21.04.2023

(NPK- Kjell Åsmund Sunde): Endå ein gong var grunnrenteskatt det heitaste temaet då fiskerinæring og politikarar møttest til debatt i Bergen.

– Vi har eit stor ansvar for å utnytte dei naturgitte tilhøva i Noreg best mogleg og legge til rette. Då syns eg det er veldig rart at det ein driv med i hovudstaden er å lage problem for næringa i staden for løysingar. Dette er eit eventyr og trollet i dette eventyret sit i finans-, nærings- eller fiskeridepartementet. Eventyr har ofte ein bra slutt og det er val om to år – då trur ikkje eg denne regjeringa får halde fram dersom kysten får bestemme.

Det sa Njåstad under politikardebatten på eit frukostseminar arrangert av Fiskeribladet og IntraFish fredag. Seminaret var del av 100-årsfeiringa til Fiskeribladet.

Grunnrente og utvikling
Under seminaret deltok òg aktørar frå fleire sjømatbedrifter og fiskeriorganisasjonar. Mange av næringsrepresentantane peika på at det no rår stor uvisse i bransjen.

– Det er eit stort potensial for havbruk og laks. Samanlikna med konkurrentane våre i europeisk og amerikansk kjøtindustri har vi eit enormt potensial. Men vi har mange utfordringar. Vi er heilt fremst i verda med å utvikle mat i havet, men det er utfordrande. Vi må prøve og feile heile tida. Det vi verkeleg treng er kapital. Det er ei viktig problemstilling når det gjeld grunnrenteskatten. Det må vere kapital igjen til utvikling, sa Kristina Furnes i Grieg Seafood.

– Faktisk kan vi komme i ein situasjon der ein kan få meir volum, men likevel ikkje utvikling i næringa. Skjer det må politikarane trekke i bremsen, sa ho.

Også Simon Nesse Økland, samfunnskontakt i Bremnes Seashore, peika på grunnrenta som eit element som gjer framtida usikker.

– Det totale skattetrykket er blitt så stort at investeringsevna nesten er fråverande. Då får vi ikkje utvikling, sa han.

Desentralisering
Også representantar frå tradisjonelt fiskeri var til stades på seminaret.

– Dette er ein av dei mest desentraliserte næringane i heile landet. Det er dei færraste i desse næringane som slår seg opp i storbyane. Veldig mange i fiskerinæringa bur og vil bu i Distrikts-Noreg, sa Hanna Bakke-Jensen frå Norges Fiskarlag.

Ho er òg nestleiar i organisasjonen YoungFish som representerer dei under 40 år i fiskerinæringa i Noreg. Ho fortalde om korleis interessa for jobb i næringa har auka dei siste åra.

– Fiskerinæringa er i ferd med å bli ein av dei mest attraktive arbeidsplassane i Noreg. Då eg vaks opp i Båtsfjord i Troms og Finnmark var det ikkje nokon som snakka om å bli fiskar. Fiske- og fangstlinjene og akvakulturlinjene på vidaregåande oppover langs heile kysten er fulle. Det er ekstrem konkurranse for å komme inn, sa ho.

Publisert: 21.04.2023 12:27

Sist oppdatert: 21.04.2023 14:07