Optimar tilbake i pluss
Inntektene fall, men lønsemda steig for Optimar i fjor.
Etter to år med underskot gjekk Optimar med overskot i fjor.
Betre prosjektstyring, streng kostnadskontroll og ein reduksjon i bemanninga - 25 i Noreg og 21 i Seattle i USA - er grunnen til at selskapet går med overskot igjen, ifølgje årsmeldinga til Optimar og eigarselskapet Haniel Group.
Overskotet på 9,7 millionar kroner før skatt kom sjølv om driftsinntektene fall over 12 prosent frå 2019 til 2020. Optimar reduserte også arbeidsstokken frå 478 til 445 i løpet av 2020.
To år med minus
Så seint som i 2017 hadde Optimar eit resultat før skatt som tilsvara nesten ti prosent av driftsinntektene, men både 2018 og 2019 enda i minus. Resultatet før skatt dei to åra blei tilsaman 54,5 millionar kroner.
Selskapet lagar utstyr og anlegg for handtering av fisk i fiskeri- oppdrettsnæringa, både til bruk i båtar og på flåtar, og på land. Selskapet er resultatet av samanslåinga av Optimar på Valderøya, Peter Stette i Skodje og Seaside på Stranda.
Det tyske Haniel-konsernet kjøpte Optimar i 2017.
Korona-trøbbel
I følgje årsmelding fall salet av anlegg og utstyr både til fiskebåtar og til oppdrettsnæringa, medan inntektene i ettermarknaden (service, vedlikehald og reparasjonar (ombyggingar) heldt seg relativt stabile.
Reise- og møterestriksjonar gjorde det vansklegare både for seljarar og montørar, og slo negativt ut i fjor, ifølgje årsmeldinga.
Klarsignal
Optimar sitt anlegg for å rense oppdrettslaks- og aure for parasitten lakselus ved hjelp av lunka vatn var ein viktig årsak til gode resultat i 2017.
Mattilsynet sitt varsel om at bruken av denne metoden kunne bli stoppa av fiskehelseomsyn bremsa salet, men nyleg gav Mattilsynet klarsignal for vidare bruk. Det skjedde etter ein to års prosess der aktørane i oppdrettsnæringa fekk kome med innspel og framlegg til bruk av metoden.
Les også
Optimar as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 921,8 | 1049,3 |
Driftsresultat | 48,5 | -28,3 |
Resultat før skatt | 9,7 | -29,1 |
Publisert: 28.04.2021 09:47
Sist oppdatert: 28.04.2021 14:38