Børge Nakken Farstadog Frode Håkon Kjølås Seaside foto Ogne
GODT NYTT: Utstyrsprodusenten Optimar sitt avslusingsanlegg spring ut av ein ide hos Frode Håkon Kjølås (til høgre). Biletet er frå 2016 då avlusinganlegget blei teste ut på eit av offshorefartøya til det dåverande Farstad-reiarlaget. Til venstre Børge Nakken frå reiarlaget. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Optimar-anlegg får tommelen opp

Mattilsynet seier ja til at oppdrettarane kan få avluse oppdrettslaks i varmtvass-anlegg. Det er godt nytt for Optimar.

19.04.2021

Optimar sitt anlegg for å avluse oppdrettslaks i eit kortvarig bad i varmt vatn vart selskapet sin store salssuksess etter lanseringa i 2016.

Tommelen opp betyr at Optimar framleis har ein marknad for avlusinganlegga sine i Noreg, som er verdas største produsent av atlantisk laks.

Etter forsøk som viste at varmt vatn kan vere smertefullt for laksen gav Mattilsynet i 2019 oppdrettsnæringa to års frist til dokumenterer at metoden med å køyre laksen kjapt gjennom eit bad med vatn på mellom 28 og 34 grader kan nyttast på ein fiskevelferdsmessig forsvarleg måte.

I februar i år fekk tilsynet presentert observasjonar, systematisk kartlegging, vurderingar og forbetringar av metoden. I dag har tilsynet sendt ut ei melding om at bruk av varmtvassbehandling, også kalla termisk behandling, kan halde fram.

"Det vil være mulig å benytte termisk behandling mot lakselus dersom effekten mot lusa er god og behandlingen gjennomføres på en forsvarlig måte.", heiter det i meldinga frå Mattilsynet.

Manglar alternativ
Grunnen til at termiske anlegg vart så populære var at lakselusa hadde blitt motstandsdyktig mot kjemikaliar som blir brukt i avlusingsmiddel.

Dei termiske anlegga, frå mellom andre Optimar, kom på sett og vis i grevens tid for oppdrettsnæring, som då fekk ein effektivt avlusingmetode som i tillegg ikkje forureina.

Framleis er det slik at oppdrettsnæringa er i beit for alternative måter å halde lakslusbestanden ned, og etter NETT NO si vurdering er det truleg ein av grunnane til at Mattilsynet seier ja til at metoden framleis kan brukast.

Publisert: 19.04.2021 16:20

Sist oppdatert: 28.04.2021 09:50

Mer om