Nils Sperre konsentrerer seg om Ellingsoeya
STOR BEDRIFT: Nils Sperre er ein stor arbeidsplass, og sysselsette i fjor 117 årsverk. Kring tre av fire av dei tilsette har ikkje-norsk bakgrunn. Foto: Kristin Vidhammer
Nytt

Optimisme frå hundreårsjubilant

Nytt godt år for Ellingsøy-bedrifta Nils Sperre - og styret ser lyst på framtida.

26.05.2023

I år er det 100 år sidan Nils Sperre starta sjømatbedrift på Ellingsøya.

Framleis er det Sperre-familien som er eigarar, og styret meiner det er grunn til å sjå lyst på framtida, ifølgje årsrapporten.

I 2022 vart det eit nytt godt år, med omsetning på 1,2 milliardar kroner og eit resultat før skatt på 56,8 millionar.

I alle år sidan 2014 har driftsinntektene passert milliarden.

(saka held fram etter tabellen)

Nils Sperre
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 1219,7 1209,5
Driftsresultat 65,3 75,3
Resultat før skatt 56,8 71

I tala inngår ikkje 45,3 prosent eigarskap i Fosnavaag Pelagic, der prognosene for 2022 tilseier eit resultat før skatt på 37,4 millionar kroner.

Nils Sperre har vore medeigar i Fosnavåg-selskapet sidan 2013.

75 prosent med ikkje-norsk bakgrunn
Nils Sperre selde pelagisk fisk for 739,1 millionar kroner og saltfisk og kvitfisk for 475,0 millionar i fjor.

615 millionar av salet gjekk til Asia, knappe 120 millionar til det amerikanske kontinentet og 319,8 millionar til Europa. Og Europa auka mest.

Nils Sperre er ein stor arbeidsplass, og sysselsette i fjor 117 årsverk. Heile 75 prosent av dei tilsette har ikkje-norsk bakgrunn.

Sperre 2
EKSPORTBEDRIFT: Nils Sperre sel fisk til store deler av verda. Foto: Nils Sperre

Nytt fryseri
Selskapet sel ikkje fisk til Russland og Belarus, og er lite påvirka av krigen i Ukraina. Derimot merkar ein at fleire land har sett i verk handelshindringar.

Selskapet har i det siste sett i verk ei rekke miljøtiltak, inkludert bygging av eit nytt stort fryselager. Ein ny bil er også nullutsleppsbil.

Utbyte
Den samla eigenkapitalen er på solide 181,1 millionar kroner, og langsiktig gjeld på 61,3 millionar.

Eigarane fordeler eit utbyte på 8,0 millionar kroner.

Dei er - alle med etternamn Sperre - Geir Peder, Svenn André, Nils Johan, Palmar, Ronny Olav, Odd Arild, Oddbjørn, Harald, André, Harald Olav, Hans-Peter, Tone Rekdal og i tillegg Cecilie Sperre Jørgensen.

Publisert: 26.05.2023 05:00

Sist oppdatert: 26.05.2023 00:34

Mer om