Tapte på at ein ikkje fekk silderogn
Fosnavaag Pelagic har hatt suksess med satsinga på silderogn, men i fjor haust var det stopp.
Bakgrunnen for stoppen var at norske båtar fekk ikkje tilgang til britisk sektor, slik at rognproduksjonsanlegget til nesten 12 millionar kroner stod ubrukt i fjor haust.
Fosnavåg-selskapet er av pionerane på satsing på silderogn, og så langt har dette vore ein suksess, skriv styret i årsrapporten.
Selskapet auka driftsinntektene med 74 millionar kroner til 421,0 millionar kroner i fjor. Resultatet før skatt enda på minus 0,9 millionar, det fjerde tapsåret på rad.
Fosnavaag Pelagic | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2021 | 2020 | |
Driftsinntekter | 421 | 347,1 | |
Driftsresultat | 1 | -2 | |
Resultat før skatt | -0,9 | -3,3 |
Sal gjennom Nils Sperre
Mesteparten av produksjonen til Fosnavaag Pelagic vert seld og marknadsførd gjennom Nils Sperre på Ellingsøya, som eig 45,3 prosent av Fosnavåg-selskapet.
Alt restråstoff vert sendt vidare til Tripleline Vedde, som er den andre store eigaren, med 44,6 prosent av aksjane.
Tredje eigar er Finnmin Eiendom, som eig 10,1 prosent.
39 årsverk
I konsernet inngår også bemanningsselskapet Herøy Maritime.
Totalt var det åtte fast tilsette i Fosnavaag Pelagic i fjor, men i sesongen er det langt fleire tilsette, og totalt sysselsette selskapet i fjor 39 årsverk.
Konsernet har ein samla eigenkapital på 35,1 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 31,7 millionar.
Ifølgje innmeldingsjournalen til Sildelaget har Fosnavaag Pelagic kjøpt mykje kystmakrell 1. august, i tillegg til også 490 tonn nordsjøsild frå Hardhaus.
Publisert: 01.08.2022 14:30
Sist oppdatert: 01.08.2022 15:16