Møter fleire handelshindringar
Handelshindringane for den norske sjømatnæringa veks - og er blitt meir krevande.
- Det blir vansklegare og vansklegare å vere ein mindre eksportør, seier salssjef Odd Arild Sperre i Nils Sperre As,, eit selskap som eksporterer fisk for 1,7 milliarder kroner i året.
Onsdag var han ein av innleiarane på årsmøtet til Sunnmøre og Romsdal fiskesalslag (Surofi), og snakka om vilkåra for marknadsadgang for norsk fisk i utlandet.
Dei har blitt tyngre, ifølgje Sperre.
Etter årtusenskiftet stramma Russland inn på vilkåra for norsk eksport, og kravde å få sende russiske kontrollørar til norske fiskeindustribedrifter som ville eksportere til Russland.
Det enda med at norske styresmakter sa ja. Det var byrjinga på ei utvikling som berre har balla på seg, ifølgje Sperre.
Fleire og fleire land opererer no med lister over godkjente eksportører. Står du ikke på lista, ingen eksport.
Dobbelt byråkrati
Konsekvensen av systemet som
veks fram, er mellom anna eit dobbelt byråkrati, både i Noreg og i
utlandet, for å handtere regelverket.
Det aukar faren for mistydingar, feil og forseinkinga - som går ut
over eksportørana fordi kapasiteten hos styresmaktene ikkje er bygd opp
for å handtere vanskane.
- Mattilsynet og Fiskeridepartementet er ikkje rigga for å handtere dette, seier Sperre til NETT NO.
Skildringa av situasjonen som Sperre gav i si innleing, samsvarar med innleingane til seniorrådgivar Lotte Leming Rognsås i seksjon for sjømathandel og WTO i Nærings- og fiskeridepartementet, og seksjonssjef Malin Elisabeth Florvåg i Mattilsynet.
Krav og tiltak som i praksis er protesjonistiske er på veg fram, og det er krevande å handtere.
Mattilsynet og Fiskeridepartementet er ikkje rigga for å handtere dette
Publisert: 05.05.2022 05:00
Sist oppdatert: 05.05.2022 08:52