Optimismen er tilbake
Fleire NHO-bedrifter ventar høgare omsetning og fleire sysselsette – og færre har betalingsvanskar.
NPK-NTB-Steinar Schjetne: Optimismen er på frammarsj hos medlemsbedriftene til NHO.
– Det er all grunn til å vente vidare betring utover våren og sommaren, sidan stadig fleire vaksinerte reduserer faren for nye utbrot og gjer vidare gjenopning mogleg, seier sjeføkonom Øystein Dørum i NHO til NTB.
Interesseorganisasjonen kan melde om at for første gong sidan august er betring over heile linja blant medlemsbedriftene som har svart på maiundersøkinga. Medan bedriftene opplevde situasjonen sin som gradvis verre frå august til april, er biletet nærast motsett no.
– No er vi på veg ut av tredje bølgje, samfunnet blir gjenopna, og det blir spegla i talet frå undersøkinga for stemninga i bedriftene, og situasjon og utsikter for omsetning, salsprisar, ordre og sysselsetjing, seier Dørum.
Betre og betre
* 35 prosent av bedriftene ser på marknadssituasjonen som god, 22 prosent som dårleg, ei netto overvekt på 13 prosent. I april var overvekta 5 prosent.
* 58 prosent av bedriftene melder om auka eller normal omsetning, opp frå 50 prosent i april. Berre 13 prosent melder om ei omsetning under halvparten av det normale, ned frå 21 prosent.
* 38 prosent ventar høgare omsetning dei neste tre månadene, 18 prosent ventar lågare omsetning, ei netto overvekt på 20 prosent. I april var nettotalet 3 prosent.
* Nettoen som ventar auka sysselsetjing auka frå 3 prosent i april til 20 prosent i mai.
* Delen som oppgir betalingsvanskar, minskar frå 18 prosent i april til 15 prosent i mai, medan 11 prosent av bedriftene fryktar konkurs, ned frå 14 prosent – den lågaste delen under koronakrisa.
Men betre er ikkje nødvendigvis synonymt med bra
Kvar åttande slit
– Men betre er ikkje nødvendigvis synonymt med bra. Framleis slit omtrent kvar åttande NHO-bedrift, poengterer Dørum.
* 13 prosent har meir enn halvert omsetning
* 15 prosent har betalingsvanskar
* 11 prosent fryktar konkurs.
* I reiselivssektoren er tilsvarande tal høvesvis 59, 40 og 35 prosent.
– Det vil for mange ta lang tid før marknaden er tilbake der det var før korona. Då vi spurde i mars svarte omtrent ein tredel at dei ikkje trudde omsetninga var tilbake på førkrisenivå før i 2022 eller seinare, seier sjeføkonomen.
Publisert: 12.05.2021 07:30
Sist oppdatert: 12.05.2021 09:02