Veidar foto redningsskøyte stormbull 11
RÅKA AV BRANN: Det starta å brenne om bord i fiskebåten Veidar fredag kveld. Fartøyet blei levert frå Simek i 2028. Foto: Redningsskøyta «Stormbulll»
Nytt

Ordføraren: – Ei alvorleg hending

Brannen om bord på fiskebåten Veidar starta på fabrikkdekket, fortel reiaren.

Marius Rosbach
02.04.2022

Ingen personar kom til alvorleg skade då det begynte å brenne om bord i fiskebåten Veidar fredag kveld.

Båten er laurdag teke under slep og alle 22 er evakuert.

Ein til sjukehus
Eigar Sindre Johan Dyb fortel til Sunnmørsposten at brannen starta på fabrikkdekket, men at dei ikkje veit kvirfor det starta å brenne.

Ein frå mannskapet blei brakt til sjukehus fordi vedkommande hadde fått i seg røyk, men er skriven ut laurdag.

Dyb fortel til avisa at døykdykkarar skal undersøke båten når den kjem til land.

– Ei alvorleg hending
Giske kommune har budd seg på å hjelp når det er behov, opplyser kommuneleiinga i ei pressemelding laurdag.

Kommunen har kommunikasjon med rederiet og kriseliinga hadde møte fredag kveld og laurdag morgon.

– Dette er ei alvorleg hending. Vi ønskjer å stille oss til disposisjon for reiarlaget og hjelpe til med det vi kan. Vi har varsla våre tenester og førebur oss på å gi støtte til dei som treng det i denne situasjonen, seier ordførar Harry Valderhaug i meldinga.

Var 22 om bord
Det var 22 om bord i Veidar då brannen starta. 17 gjekk i flåter og livbåtar, og 14 vart henta seint fredag av redningshelikopter og frakta til Leknes.

Dei resterande vart verande om bord saman med røykdykkarar frå Kystvakta for å avklare brannsituasjonen.

Veidar er ein fire år gamal line-og garnbåt. Lengda er 55,5 meter og breidda 13,2 meter. Båten vart overlevert frå Simek i mars 2018.

Publisert: 02.04.2022 15:49

Sist oppdatert: 02.04.2022 15:59

Mer om