Ordfoerarprotest mot klimaplan
FARE: I verst fall fører auka norsk CO2-avgift til tapte arbeidsplassar i fiskerinæring, og ikkje til reduserte CO2-utslepp, meiner ordførarar og varaordførarar i Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Giske, Molde, Smøla og Aukra.
Nytt

Ordførarprotest mot klimaplan

Gryande uro for konsekvensen av regjeringa sitt framlegg om kraftig auke i CO2-avgift for fiskeflåten, skriv sju ordførarar og varaordførar på Nordvestlandet.

22.01.2021
Kombinasjonen klimaplan og kvotemelding kan bli ein farleg coctail for norsk fiskerinæring, skriv fleire lokalpolitikarar på Nordvestlandet.
Bernt Brandal, ordførar i Hareid (Folkelista for Hareid kommune), Ole Jørgen Nilsen, ordførar i Aukra (H), Odd Helge Gangstad, varaordførar i Molde (Sp), Bjørn-Halvor Prytz, ordførar i Herøy (Ap), Svein Roksvåg, ordførar i Smøla (Sp), Knut-Erik Engh, ordførar i Ulstein (Frp), Olav Myklebust, ordførar i Sande (Sp) og Harry Valderhaug, ordførar i Giske (Krf) står bak innlegget i NETT NO.

Tidlegare i januar la regjeringa fram ei stortingsmelding om tiltak som skal redusere CO2-utsleppa i Noreg, mellom anna i fiskeri- og skipfart.
Eitt tiltak er å auke avgifta på utslepp av CO2 til 2.000 kroner per tonn i 2030, mot 590 kroner i dag. For fiskeflåten vil det bety ei auke til omlag ein dobling av drivstoffkostnadane i 2030 samanlikna med i dag.

Redd for at jobbar går tapt

Ordførarane er redd målet om å kutte CO2-utsleppa ikkje blir nådd, og at konsekvensen av høgare CO2-avgift blir at CO2-utsleppa aukar og norske arbeidsplassar går tapt, skriv dei i innlegget sitt:
"Norskfanga fisk gir blant dei lågaste CO2-avtrykka av alle typar mat. Dersom drivstoffprisen aukar så mykje som klimameldinga tilseier, er det mange typar fiske som ikkje lenger er lønsame. Fiske etter desse artane vil måtte bli erstatta av andre matvarer som ikkje har like lågt CO2-avtrykk. Effekten av denne klimapolitikken kan fort føre til at CO2-forbruket vert drive opp og ikkje ned. Denne konsekvensen er det viktig å utgreie før endringane eventuelt vert vedtekne
Det er også viktig at Noreg ikkje aleine implementerer slike løysingar. Konkurransevilkåra må vere så like som mogeleg for dei nasjonane som konkurrerer i same marknad. Ein vil også kunne risikere at ein berre oppmuntrar fiskarane til å legge om drifta slik at dei kan fylle drivstoff i kringliggande land. Skjer det, kan neste steg fort bli at fisken også vert landa i utanlandske fiskerihamner, der mannskapsbytte skjer, og der ein handlar utstyr og forsyningar. Dette vil true kystdistrikta i Noreg som i dag lever godt av at fiskerinæringen."

80.000 jobbar

Dei sju skriv at kvar arbeidsplass i ein fiskebåt gir 7,14 arbeidsplassar på land, slik at i alt 80.000 jobbar er berørt av korleis det går med fisket.
Dei etterlyser også ein konsekvensanalyse av framlegget om auka CO2-avgift. Sjølv om reguleringan av fiskeria er kompliserte "er det likevel ei forventing om at dei som har makt til å endre rammene, set seg inn i kva dei styrer med før dei endrar det som verkar. Endringar sett i gang av makthavarar med avgrensa kompetanse, kan få dramatiske følgjer" skriv dei i innlegget.
Kjetil Holmeset i fiskebåtreiarlaget H.P. Holmeset at eit slikt opplegg vil gjere at delar av fiske ikkje er lønnsamt.

Les også:


<i>Dersom drivstoffprisen aukar så mykje som klimameldinga tilseier, er det mange typar fiske som ikkje lenger er lønsame</i>

Publisert: 22.01.2021 11:15

Sist oppdatert: 28.05.2021 14:57

Mer om