Ekornes gjer som bilindustrien
VEKST: Inntektene frå Stressless-møblane - hovudproduktet til Ekornes-konsernet - har auka over 30 prosent samanlikna med same periode i fjor. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Over 1000 nye tilsette på 15 månadar

Fjerde kvartal på rad med sterk vekst for møbel-konsernet. Har tilsett over 1000 personar siste 15 månadane.

29.10.2021

Ekornes-konsernet selde Stressless-stolar og -sofaer for 781 millionar kroner i 3. kvartal 2021, ein auke på 34 prosent samanlikna med 3. kvartal 2020.

Stresslessmøblane er Ekornes sitt viktigaste produkt. Konsernet lagar og møblar under varemerket IMG og madrasser med varemerket Svane. Konsernet hadde til saman ein vekst i driftsinntektene på 26 prosent frå 3. kvartal 2020 til 3. kvartal 2021.

Les børsmelding her

Over 1000 nye jobbar
Auka sal betyr også fleire jobbar. Ifølgje selskapet har Ekornes-konsernet løpet av dei 15 siste månadane tilsett 1025 personar, 216 av dei på anlegga og kontora i Sykkylven og på Grodås.

Størst oppbemanning - 532 personar - er det ved fabrikkane i Thailand, som produserer IMG-møblar.

1,3 milliardar i ordrereserve
Ordrereserven ved utgangen av 3. kvartal 2021 var 1,3 milliardar kroner.

Det er den høgaste ordrereserven Ekonres-konsernet nokon gong har hatt og er opp frå 0,8 milliardar ved utgangen av 3. kvartal 2020.

Ekornes QM Holding as

Pr. 3. kvartal. I mill. kroner

20212020
Driftsinntekt3143,82360,5
Driftsresultat425,0167,7
Resultat før skatt297,251,3
Ekornes QM Holding as
3. kvartal. I mill. kroner20212020
Driftsinntekt1040,5832,3
Driftsresultat131,392,6
Resultat før skatt89,453,6

Publisert: 29.10.2021 10:03

Sist oppdatert: 29.10.2021 11:34