Ekornes ansatte mangfold sak foto ekornes 11
INTERNASJONALT: Tre dyktige saumoperatørar ved Ekornes i Sykkylven. Frå venstre Sharifa Esmat Hassan, Saada Alshahad og Zeinab Mohammad. Foto: Ekornes
Nytt

Meir enn 40 nasjonalitetar på Ekornes

Mange flyktningar og innvandrarar har kome i jobb i Ekornes. Møbelprodusenten nyttar store ressursar på rekrutteringa og set tydelege krav.

NPK
30.09.2021

(NPK – Bent Tandstad): Det siste året er det skapt 200 nye arbeidsplassar hos møbelprodusenten Ekornes. Det betyr at mange flyktningar og andre innvandrarar har kome i jobb, og nyleg fekk selskapet Mangfaldsprisen for Møre og Romsdal.

Ekornes-konsernet har opplevd ein eventyrleg vekst under koronaepidemien. Først var det ein kort periode med permitteringar og delvis nedstenging. Men dette varte ikkje lenge.

Dette er Ekornes-konsernet

Ekornes har tre fabrikkar i Sykkylven med til saman 1240 tilsette. I tillegg har konsernet fabrikkar i Hornindal og Fetsund her i landet, og i Litauen og USA. I tillegg er også IMG, som har base i Asia, ein del av konsernet.

Det siste året har talet på tilsette i konsernet auka med rundt 1000, og 200 av desse arbeidsplassane er her i landet.

Etterspurnaden etter den verdskjende Stressless-stolen og dei andre Stressless-variantane auka så sterkt at den tradisjonsrike verksemda aldri hadde opplevd noko slikt tidlegare.

Med eitt hadde vi behov for mange nye tilsette, og då var det berre å starte rekrutteringa
Ola Arne Ramstad

Over 40 nasjonalitetar
Ved Stressless-fabrikken til Ekornes i Sykkylven jobbar det no over 40 ulike nasjonalitetar.

– Eg skal ikkje seie at det kom som eit sjokk, men den auka etterspurnaden kom veldig raskt utover sommaren i fjor. Med eitt hadde vi behov for mange nye tilsette, og då var det berre å starte rekrutteringa, seier Ola Arne Ramstad.

Han møter oss i hovudfabrikken på Ikornnes i Sykkylven saman med produksjonssjef Per Kjetil Våtmyr, HR-sjef Christin Nordgård og to av dei nytilsette, flyktningane Saada Alshahad frå Syria og Tsgeromam Gebkrekrstos frå Eritrea. Dei to jobbar på saumavdelinga, der dei trivst svært godt.

– Vi er blitt godt mottekne. Miljøet er bra ved avdelinga, og det er ikkje vanskeleg å kome i kontakt med dei andre medarbeidarane. Og det går også greitt med språket. Det var litt vanskeleg i starten, men no går det bra, seier Gebkrekrstos med eit smil.

(saka held fram under)

Tsgeromam Gebkrekrstos ekornes foto ekornes 11
FAST JOBB: Tsgeromam Gebkrekrstos frå Eritrea er ein av fleire flyktningar som har fått fast jobb ved Ekornes i Sykkylven. Foto: Bent Tandstad/NPK

Hadde erfaring frå heimlandet
Både Gebkrekrstos og Saada Alshahad er busette i Ålesund, og det er lang veg til jobb.

– Vi må stå opp veldig tidleg, men det å kome i fast arbeid gjer at det er verd det, seier den syriske flyktningen.

Begge to hadde erfaring med saumarbeid frå heimlandet, men industrisaum er litt annleis. Men god opplæring, både fagleg og språkleg, gjer at dei no synest alt går veldig bra.

87 av 92 fekk jobb
I perioden frå juli 2020 til juli tok Ekornes inn 92 personar i samarbeid med Nav og flyktningtenesta i Sykkylven og nabokommunane, og i dag har 87 av desse fått fast jobb. Og møbelkonsernet, som i dag har kinesiske eigarar, har stadig behov for meir arbeidskraft.

Ordrereserven var på 1,2 milliardar kroner etter andre kvartal og har aldri vore større. Salet av Stressless auka med 70 prosent saman med andre kvartal i fjor. Og dette skjer medan Ekornes markerer femtiårsjubileet for Stressless-stolen, truleg den største møbelsuksessen nokon gong her i landet.

90 prosent til eksport
Over 90 prosent av produksjonen går til eksport. Dei største marknadene er USA og Sentral-Europa, og det er også der veksten har vore størst det siste året.

Om salet held fram ut året vil omsetninga ende på godt over fire milliardar i 2021. Konsernsjef Roger Lunde sa nyleg i eit intervju med Sunnmørsposten at omsetninga kan nå seks milliardar kroner før 2025.

Det formelle samarbeidet mellom Ekornes, Nav og Flyktningtenesta starta i 2017. Ekornes har tradisjon for å ta imot flyktningar og andre innvandrarar også før det, men det var først i 2017 at det vart formalisert gjennom ein avtale.

Vi legg ned fleire hundre tusen kroner i opplæring og oppfølging
Per Kjetil Våtmyr

Stiller tydelege krav
– Vi er veldig tydelege på kva vi ventar av dei som vil jobbe her. Vi er ute etter fast tilsette, som kan lære seg yrket og jobbe hos oss i mange år framover. Vi legg ned fleire hundre tusen kroner i opplæring og oppfølging, og det gjer vi ikkje utan at vi veit at dei ynskjer å jobbe i møbelindustrien, seier produksjonssjef Per Kjetil Våtmyr.

Han fortel også at dei har krav om at dei tilsette skal lære seg norsk på nivå A2, det vil seie at dei skal kunne føre ein normal samtale på norsk med ein kollega. I samarbeid med Vaksenopplæringa blir det halde norskkurs på hovudfabrikken både på dagtid og kveldstid. Dette fordi mange jobbar skift.

Våtmyr fortel at dei har eit krav om at dei tilsette skal snakke norsk på jobb, fordi dei fleste snakkar morsmålet sitt i heimen. Då er det viktig at dei får norsk språktrening på jobben.

Roger Lunde Ola Arne Ramstad foto ekornes 11
MANGFALDPRIS: Konsernsjef Roger Lunde (t.v.) og produksjonsdirektør Ola Arne Ramstad med det synlege beviset på at Ekornes har fått Mangfaldprisen for store bedrifter i Møre og Romsdal. Foto: Ekornes.

Mentorordning
Ola Arne Ramstad opplyser at bedrifta, ved sida av den faglege opplæringa og ei fadderordning, har ei mentorordning, der kvar enkelt får oppfølging, også med ting som ikkje har direkte med jobbe å gjere.

Og prosjektet har vore ein stor suksess.

Det er Kulturdepartementet som deler ut Mangfaldprisen. Tidlegare denne månaden vart det klart at Ekornes fekk prisen for store og mellomstore verksemder i Møre og Romsdal. I november skal alle fylkesvinnarane konkurrere om den nasjonale mangfaldprisen.

– Vi visste ikkje ein gong at det eksisterte ein slik pris, men vi er både glade og stolte over å ha fått han. Mangfald og integrering har vore viktig for Ekornes i mange år, seier produksjonsdirektør Ramstad.

I grunngjevinga for prisen heiter det blant anna:

«Ekornes får prisen for det bevisste arbeidet med å utnytte potensialet i mangfald – til gode både for verksemda og tilsette med fleirkulturell bakgrunn».


– Truleg noregsrekord

Nav-direktør Stein Veland sa i eit intervju med NRK i sommar at Ekornes truleg har sett noregsrekord i inkluderande rekruttering.

Per Arne Sjåstad, marknadskoordinator i Nav lokalt, er imponert over kor profesjonelle Ekornes er på dette feltet. Dei er opptekne av å få folk kjapt inn i lønna arbeid, slik at bedrifta ikkje blir ein oppbevaringsstad for lite motiverte menneske.

– Ekornes er ei fantastisk bedrift, og det gjeld både leiinga og dei tilsette. Dei tek godt vare på dei som kjem frå oss. Eg kan vanskeleg tenkje meg at andre kan vise til like gode tal som at 87 av 92 på arbeidstrening fekk fast jobb. Dei har verkeleg knekt koden, seier han til Nynorsk Pressekontor.

Han legg til at dette er ein vinn-vinn-situasjon. Ekornes får dekt sitt behov for arbeidskraft, medan kommunane får gode skattebetalarar.

(©NPK)

Podium

E9/S1 Bente Storhaug Dahl og Geir Balsnes om korleis skape ein god prestasjonskultur.

Publisert: 30.09.2021 05:55

Sist oppdatert: 29.09.2021 21:05

Mer om