For eit par månadar sidan forsikra styreleiar Arild Hatløy og dagleg leiar Arne Lothe i Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre seg om at styret var samde om at det var rett for stiftinga å selje seg ned i Sparebank 1 SMN og ta ein gevinst.
Den forsikringa fekk dei, men valde likevel å vente heilt til tysdag ettermiddag med å starte salet.
Det lønte seg, for sidan den gongen har kursen stige 15 kroner - som auka gevinsten med 37 millionar kroner samanlikna med om stiftinga hadde seld straks.
– Vi har fått betalt litt ekstra for å vere litt tålmodige dei siste månadane, seier styreleiar Arild Hatløy i Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre til Nett No.
Gevinsten med å vere tålmodig er eigentleg enda større, fordi generalforsamlinga i stiftinga allereie april gav fullmakt til salet av inntil 2,5 millionar eigenkapitalbevis.
Då lag kursen under 145 kroner i storparten av månaden. Salet som skjedde i løpet av tysdag kveld og natta vart gjort til kurs 160 kroner og gir stiftinga 400 millionar kroner inn i kassa.
Investerer i fond
Stiftinga deler ut gåver til samfunnsnyttige formål. Den vart mellom anna oppretta for å sikre at lokalsamfunnet til tidlegare Sparebanken Søre Sunnmøre skulle nyte godt av gåvemidlar frå banken, sjølv om den vart slått saman med Sparebank 1 SMN.
Målet er at om lag to prosent av forvaltningskapitalen til fondet, cirka 40 millionar kroner, skal delast ut som gåvemidlar årleg.
Pengane frå salet som vart gjort i løpet av natt til onsdag, blir plassert i ulike fond, både aksje-, obligasjon- og pengemarknadsfond, seier Hatløy.
Motivet for salet er delvis å spreie investeringane til stiftinga, i staden for å berre eige eigenkapitalbevis i Sparebank 1 SMN.
Største eigar
Då fusjonen med Sparebank 1 SMN blei vedteke hausten 2022, vart det bestemt at eigenkapitalbevis i Sparebank 1 SMN, som då hadde ein verdi på kring 1,4 milliardar kroner, skulle gå inn i Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.
Stiftinga vart største eigenkapitalbevis-eigar i Sparebank 1 SMN, med ein eigarandel på 8,99 prosent.
Etter salet av 2,5 millionar eigenkapitalbevis eig stiftinga omlag 10,5 millionar eigenkapitalbevis i Sparebank 1 SMN, som utgjer ein eigarandel på 7,26 prosent. Det gjer at stiftinga framleis er største eigar av eigenkapitalbevis i Sparebank 1 SMN. Til 160 kroner aksjen er den posten verdt 1,68 milliardar kroner.
Kursauken på eigenkapitalbevisa gjer at verdien av eigarandelen er meir verdt i dag enn enn då sidan stiftinga vart opprettar, trass i salet i løpet av natta.
Publisert: 13.11.2024 11:59
Sist oppdatert: 13.11.2024 21:52