I fjor vår var nær 170 års lokalbankhistorie over då Sparebank 1 Søre Sunnmøre gjekk inn i Sparebank 1 SMN.
Då fusjonen med Sparebank 1 SMN blei vedteke hausten 2022, vart det bestemt at eigenkapitalbevis som då hadde ein verdi på kring 1,4 milliardar kroner skulle gå inn i Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.
Stiftinga vart største eigenkapitalbevis-eigar i Sparebank 1 SMN, med ein eigarandel på 8,99 prosent.
I løpet av tysdag kveld og natta har stiftinga gjennomført eit sal av 2,5 millioner eigenkapitalbevis til kurs 160 kroner.
Det gir 400 millionar kroner inn i kassa.
Kraftig verdistigning
Etter salet eig stiftinga omlag 10,5 millionar eigenkapitalbevis i Sparebank 1 SMN. Til kurs 160 kroner utgjer det 1,68 milliardar kroner.
Verdien av den attverande eigarandelen i Sparebank 1 SMN er med andre ord nesten 200 millionar kroner høgare enn verdien av heile eigarandelen stiftinga fekk ved samanslåinga.
Børsopptur
For eigarane av eigenkapitalbevis i Sparebank 1 SMN har det vore ein nesten samanhengande opptur sidan hausten 2003.
Eigenkapitalbevisa vart notert på børsen i 2000, men kursen byrja å stige først ut på hausten 2003.
Gårsdagen kurs, 166,98 kroner per eigenkapitalbevis, er rekord og 18 prosent høgare enn ved inngangen til 2024.
Prisen Sparebankstiftinga fekk for eignekapitalbevisa sine er den tredje høgaste kursen eigenkapitalbevisa har hatt så langt. Då børsen opna i dag vart eigenkapitalbevisa handla til kurs 163,38 kroner.
Les også
Vurderer å selje eigenkapitalbevis for fleire hundre millionar.
- Det er ikkje småpengar vi skal dele ut, seier styreleiar Arild Hatløy.
Publisert: 13.11.2024 08:27
Sist oppdatert: 13.11.2024 11:03