Over 400 på fiskerikonferanse
Fullt hus på Ombordfryst 2024. Følg konferansen hos NETT NO.
Den andre fiskeri- og fiskeindustrikonferanse i Ålesund denne veka er i gang, med over 400 deltakarar.
Torsdag er det bransjen som fiskar, foredlar og sel torsk og andre kvitfiskeslag som samlast, dagen før var det bransjen som driv med sild, makrell og kolmule som var samla.
Sjå direktesending under: lenke til direktesending (ekstern lenke)
Dagen før dagen
Dagens konferanse har blant anna sosiale forhold for unge fiskarar, forsøpling av havet og utviklinga i den viktige britiske marknaden som tema.
Den er også prega av at fiskeriministeren har vald å vente til å vente til fredag med å legge fram regjeringa sin kvotemelding for fiskeria på ein pressekonferanse i Tromsø.
Der skal ho fortelje korleis regjeringa meiner fiskekvotane skal fordelast mellom ulike grupper av fiskarar, og om det eventuelt skal gjerast endringar i høve til korleis kvotane i dag er fordelt.
Publisert: 11.01.2024 10:36
Sist oppdatert: 11.01.2024 10:49