Fh Torgeir Knag Fylkesnes SV Cecilie Myrseth ap Tom Christer Nilsen H foto Ogne
Noverande fiskeriminister Cecile Myrseth (Ap) flankert av Torgeir Knag Fylkesnes (SV) og Tom-Christer Nilsen (H) under landsmøtet til Norges Fiskarlag i 2019.. Fredag kjem ho med ei melding der ho risikerer motbør frå begge kantar. Foto: Ogne Øyehaug
Analyser

Ei veke med fiskeripolitikk i sentrum

Fiskerinæringa samlast i Ålesund, medan fiskeriministeren dreg til Tromsø.

07.01.2024
ANALYSE:

Komande veke er det først Pelagisk Arena i Ålesund onsdag 10. januar. Der samlast fiskeribransjen som driv med sild og makrell. Dagen etter er kollegaene som fiskar, foredlar og sel torsk, sei, hyse og andre kvitfiskartar samla på Ombordfrystkonferansen på Scandic Parken Hotel i Ålesund. Over 200 personar er påmeldt til første dag, over 400 til andre dag.

Den eine personen alle har lyst til å høyre, fiskeriminister Cecile Myrseth (Ap) har imidlertid vald å ikkje kome.

Ho reiser i staden til Tromsø for å halde pressekonferanse fredag 12. januar om den lenge varsla Kvotemeldinga - regjeringa sitt framlegg om korleis fiskekvotane skal fordelast mellom ulike grupper fiskarar.

"Dette er viktig politikk for kysten, og jeg ser veldig fram til å legge fram meldingen hjemme i Tromsø. Jeg mener vi med denne meldingen vil leve opp til det vi har sagt i Hurdalsplattformen om å sikre en mer rettferdig fordeling som sikrer bredde og mangfold i fiskeflåten og flere helårlige arbeidsplasser i lokalsamfunn langs hele kysten. Og at det blir en politikk som kan stå seg over tid", seier Myrseth i ei pressemelding om programmet.

Kvotemeldinga er viktig fordi kor stor andel kvar fiskebåt og grupper av fiskebåtar kan rekne med å få fiske av den samla kvota ulike fiskeslag, påverkar inntektsnivå og lønsemd. Den er dermed óg grunnlag for kor store investeringar fiskarane kan og vil gjere.

For arrangørane av Pelagisk Arena og Ombordfryst er det synd at ho ikkje valde Ålesund i staden for Tromsø.

Spørsmålet er om valet også er eit varsel om kva som vil kome.

Myrseth er nesten garantert at nokon blir misnøgd med det ho legg fram. Skulle ho finne ein nøytral arena for presentasjonen måtte ho truleg lagt fram meldinga på Røros, der fiskeinteressene er relativt beskjedne.

Ho valde Tromsø, ikkje Ålesund - der eigarane av havfiskeflåten står sterkt.

Trøysta er at når veka er omme, vil eit viktig premiss for fiskeria kanskje vere avklart. Kanskje, fordi det ikkje blir ei avklaring dersom framlegget frå regjeringa ikkje står seg etter eit eventuelt regjeringsskifte.

Erna Solberg (H) og hennar statsrådar mislukkast i å få til eit samlande kompromiss i løpet av åtte år i regjering. Debatten etter at Myrseth har lagt fram si melding vil raskt vise om ho vil lukkast betre.

Både eksportstatistikken og fangstatistikken for 2024 viser at oppdrettarane og fangstleddet av sjømatnæringa hadde eit godt år også i fjor. Mykje av årsaka er ei gunstig valutakursutvikling for alle som driv med eksport.

Medan det kan sjå ut til at oppdrettarane får nok eit rekordår i år - når vi ser bort frå effekten av auka skatt for næringa - ligg i alle fall deler at fiskernæringa an til å få eit år, der det buttar i mot for første gang på lenge.

Det er fallande torskekvotar for andre år på rad som er hovudårsaka til den venta inntektsnedgangen i fiskeria i år. Saman med auka kostnadar kan det gi redusert lønsemd. Reduserte fangstinntekter og lønsemd gjer det tyngre for dei som eventuelt må gi avkall på kvotar etter den nye kvotemeldinga.

Arrangørane av Pelagisk Arena og Ombordfryst har omgått problemet med at Myrseth held næringa i spenning til etter arrangementa er ferdig, ved å rette merksemda mot andre deler at fiskeriverksemda.

På Pelagisk Arena er teamet mellom anna den langvarige striden med andre land om fordelinga av felles fiskeressursar i Nord-Atlanteren. Det er også energibehovet for fiskeindustrien og jakta på utsleppsfrie energiberarar for fiskeflåten.

Ombordfrystkonferansen har mellom anna rekruttering av unge fiskarar og marknadsutvilnga som tema. Og kanskje greier statssekretær Kristina Hansen i Nærings- og Fiskeridepartementet ikkje å halde heilt tett om den komande kvotemeldinga til sjefen når ho skal halde sitt innlegg.

Publisert: 07.01.2024 05:00

Sist oppdatert: 06.01.2024 23:50

Mer om