N Ils Gunnar Hjellegjerde genfors Eko 2018 foto Ogne Øyehaug
VEKST: Nils Gunnar Hjellegjerde vil bygge H2 Group til å bli like stort som IMG var før då IMB vart kjøpt av Ekornes. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Meir enn dobling for Hjellegjerde-selskap

Har gått frå null til 50 millionar på tre år.

30.05.2023

Etter å ha bygd opp og seld møbelselskapet IMG til Ekorneskonsernet satsa tidlegare Hjellegjerde-sjef Nils Gunnar Hjellegjerde på å skape ein ny suksess i møbelbransjen.

Innan fire-fem år skal selskapet H2 Group skal bli like stort som IMG var då IMG vart seld til Ekornes - omlag 400 millionar i driftsinntekt i året. Det er målet og forventningane, fortalde Hjellegjerde til NETT NO i fjor.

H2 Norway - som er heileigd av H2 Group - vart etablert i desember 2019. I fjor auka selskapet driftsinntektene til 50,5 millionar kroner, opp frå 22,4 millionar i 2021 (sjå tabell).

Kjent oppskrift
Oppskrifta for H2 Group har Hjellegjerde frå IMG: Fabrikk i Thailand, produktutvikling-, marknadsføring- og administrasjonsavdeling på Nordvestlandet (i Breivika i Ålesund) og internasjonalt sal.

Thailand-busette Hjellegjerde er største eigar i H2 Group.

Etter salet av IMG til Ekornes held han fram som IMG-leiar nokre år, og var deretter styremedlem i Ekornes. Etter at Ekornes vart seld til kinesiske Qumei Group, gjekk Hjellegjerde ut av styret i 2019.

H2 Norway as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt50,522,4
Driftsresultat3,70,5
Resultat før skatt3,80,6

Kjeda seg som spekulant
Etter Ekornes-exiten var planen til Hjellegjerde å teste ut livet som aksjespekulant på heiltid, men det vart for kjedeleg.

– Eg har ikkje den lidenskapen for finans som for møbel, sa Hjellegjerde til NETT NO i fjor.

Hausten 2019 var karantenetida mot å starte konkurrerande verksemd over, og arbeidet med å etablere H2 Group var i gang.

Publisert: 30.05.2023 09:03

Sist oppdatert: 30.05.2023 09:05