N Ils Gunnar Hjellegjerde genfors Eko 2018 foto Ogne Øyehaug
NYE RUNDE: Livet som aksjeinvestor fenga ikkje. No er Nils Gunnar Hjellegjerde tilbake i møbelbransjen med nytt selskap med fabrikk i Thailand. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nils Gunnar Hjellegjerde siktar mot nytt møbeleventyr

IMG-grunnleggaren sitt nye møbelselskap skal vekse seg like stort som IMG var då Ekornes kjøpte selskapet for 550 millionar kroner.

22.04.2022

Frå starten i 2006 bygde den tidlegare Hjellegjerde-sjefen og no Thailand-busette sykkylvingen Nils Gunnar Hjellegjerde opp IMG (Internasjonal Møbel Gruppe).

Selskapet var åtte år etter eit selskap med 400 millionar kroner i driftsinntekter, tre fabrikkar i Asia og eit internasjonalt fotfeste for sine kvilestolar og sofagrupper. Hjellegjerde var største aksjonær i selskapet, som i 2014 blei kjøpt av Ekornes.

– Eg gler meg kvar mandag og er glad vi har seks-dagars veke her
Nils Gunnar Hjellegjerde

No skal Hjellegjerde sitt nye prosjekt - H2 Group - byggast opp til å bli like stort som IMG var då det blei kjøpt av Ekornes-konsernet.

– Oss bør kunne nå det i løpet av fire-fem år, seier Hjellegjerde til NETT NO.

Hjellegjerde er hovudaksjonær, med omlag ein to tredjepartar av aksjane.

Kjent oppskrift
Oppskrifta for etableringa av H2 Group er kjent frå oppbygginga IMG; fabrikk i Thailland, produktutvikling-, marknadsføring- og administrasjonsavdeling på Nordvestlandet og internasjonalt sal.

I Ålesund er det fem tilsette, mellom andre tidlegare IMG-eigar og -tilsett Lars Inge Jakobsen. Jakobsen er leiar for det norske datterselskapet H2 Norway og utviklingsdirektør for heile H2 Group, i tillegg til å vere medeigar.

Den tredje aksjonæren er Yosathorn Silapabanleng. Silapabanleng og Hjellegjerde eig kontraktsmøbelprodusenten Hove DK i Thailand 50/50.

Investerer 200 millionar
Produktet er kvilestolar og sofaer, primært med TV-sjåing og avslapning som bruksområde. Asia, medrekna Australia og New Zealand, USA og Canada er hovudmarknadane,

Ein ny 10.000 kvadratmeter stor fabrikk til nesten 100 millionar kroner er bygd i Thailand, like aust for Bangkok. Der er det 160 tilsette. På eine nabotomta ligg fabrikken til Hove DK, og på den andre fabrikkanlegget til IMG.

Byggestart for andre byggesteg på 6500 kvadratmeter, er i år. Bygging av tredje byggesteg skal etter planen i gang innan to år. Det er på nye 10.000 kvadratmeter.

(saka held fram under)

H2 Seating Thailand 11
NY FABRIKK: Ein ny 10.000 kvadratmeter stor fabrikk til nesten 100 millionar kroner er bygd i Thailand, like aust for Bangkok. Der er det 160 tilsette. Foto: H2 Group

I alt er det snakk om ei investering på omlag 200 millionar kroner når alt er ferdig, anslår Hjellegjerde.

Då vil selskapet har den produksjonskapasiteten som trengst om vektsmåla til selskapet blir nådd.

Reiste til Asia
Etter svake resultat og hard maktkamp i Hjellegjerde-konsernet i Sykkylven, fekk Nils Gunnar Hjellegjerde nok og gjekk av som sjef for møbelprodusenten i 2001.

Då var Hjellegjerde-konsernet framleis største konkurrenten til Ekornes i den norske marknaden, og ein god nummer to i møbelindustrien i Sykkylven.

Etter avgangen sa Hjellgjerde til Dagens Næringsliv at han ville pakke sekken og dra på loffen i Asia. Han enda med å ta eit eitt-års engasjement for Hjellegjerde ASA, som fabrikksjef for Hjellegjerde sin produksjon i Thailand, ein fabrikk han sjølv hadde fått i drift.

Det eine året blei til det andre, fram til 2006, då sjansen til å kjøpe det som blei IMG. Pengane, fem millionar kroner, kom frå salet av Hjellegjerde-aksjar etter at han gjekk av.

- Eg tok all kapitalen eg hadde og investerte, sa Hjellegjerde til NETT NO i 2013.

Det skulle betale seg.

400 millionar kroner frå Ekornes
I 2014 kjøpet Ekornes-konsernet IMG Group. Ii første omgang betalte dei 400 millionar kroner, men med avtale om å betale ytterlegare 150 millionar, dersom IMG nådde avtalte mål.

Dei måla vart nådd. For Nils Gunnar Hjellegjerde betydde det at det sto omlag 400 millionar kroner på konto etter salet til Ekornes.

Han heldt fram som IMG-leiar nokre år, og var deretter styremedlem i Ekornes. Etter at Ekornes vart seld til kinesiske Qumei Group, gjekk Hjellegjerde ut av styret i 2019. Planen var å teste ut livet som aksjespekulant på heiltid.

(saka held fram under)

Nils gunnar hjellegjerde kvadrat 11
THAILAND: Nils Gunnar Hjellegjerde er busett i Thailand der selskapet har bygd ein ny fabrikk som no har omlag 160 tilsette. Foto: H2 Group

Milliardformue
I tillegg til gevinsten frå salet av IMG hadde Hjellegjerde midlar frå tidlegare utbytte frå ulike selskap, og vellukka aksjeinvesteringar etter at IMG vart eit Ekornes-selskap, medrekna ein stor gevinst da Ekornes blei seld til Qumei.

Nokre år etter salet anslo Hjellegjerde at han passert ein milliard kroner i verdiar.

– Då slutta eg å telje, for eg vart så veldig gnien. Eg vart litt for opptatt av å telle pengar, seier Hjellegjerde,

No anslår han at omlag halvparten av finansformuen er plassert i fond, som andre forvaltar, og seier den andelen gradvis vil auke.

Erfaringa er at han ikkje greidde å slå profesjonelle finansforvaltarar i aksjemarknaden. Då kan han like godt overlate forvaltninga til dei.

– Eg har ikkje den lidenskapen for finans som for møbel, seier Hjellegjerde.

Gler seg kvar mandag
Livet som aksjespekulant gav pengar, men tente ingen gneist.

– Det gjekk seks månadar, så synest eg det var kjedeleg, seier Hjellegjerde.

Hausten 2019 var karantenetida mot å starte konkurrerande verksemd over, og arbeidet med å etablere H2 Group var i gang. Korona gjorde at etableringa gjekk tregare enn planlagt, men det stoppa den ikkje.

Lange arbeidsdagar er også litt tyngre enn under oppbygginga av IMG, konstantrerer 55-åringen. Men fordelen, som lettar arbeidet no, er større erfaring og kontaktnett.

Hjellegjerde ser fram til kvar arbeidsveke.

– Eg gler meg kvar mandag og er glad vi har seks-dagars veke her, seier han.

H2 Norway as

Tal i mill. kroner

20212020
Driftsinntekt22,42,9
Driftsresultat0,5-1,5
Resultat før skatt0,6-1,5
H2 Norway as er det norske datterselskap av H2 Group og omfattar mellom anna utviklingsverksemda og har ansvaret for sal til Europa og Canada

Publisert: 22.04.2022 11:31

Sist oppdatert: 22.04.2022 11:38

Mer om