Overskot på kleskonkursar
Jan Egil Flos Berre Pluss levde opp til firmanamnet i fjor.
"Selskapet var involvert i kjøp av to store konkursbo som gjorde at man snudde et negativt resultat til pluss, noe man må være fornøyd med i et rart år", skriv Jan Egil Flos selskap Berre Pluss i årsmeldinga for 2020.
Berre Pluss-konsernet hadde 60,8 millionar kroner i driftsinntekter i 2020 og eit resultat før skatt på 4,6 millionar kroner. I 2019 var det minusresultat (sjå tabell).
Dei to konkursbua det er snakk om er konkursen i Ricco Vero og kleskjeda Superdry der sal av varelagera gav god gevinst.
Satsar vidare på Moods of Norway
Flo var også med då varelageret etter Moods of Norway-konkursen vart seld og satsa på nytt etter konkursen, først under varemerket Moods før Moods of Norway blei tatt i bruk på nytt.
Den nye Moods of Norway-satsinga skjer gjennom selskapet Retail Drift, som er eit datterselskap av Berre Pluss.
I dag har selskapet to butikkar, og kjem framover til å satse først og fremst på netthandel.
Berre Pluss as (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 60,8 | 46,2 |
Driftsresultat | 8,5 | -27,1 |
Resultat før skatt | 4,6 | -25,8 |
Publisert: 22.06.2021 15:00
Sist oppdatert: 22.06.2021 14:22