- Det er med lett hjarte eg no slepp roret og det gleder meg at styret ønskjer å overlate leiinga av selskapet til neste generasjon av familien, seier Ståle Remøy i ei pressemelding tysdag.
68-åringen ønskjer å trappe ned etter å ha leia selskapet sidan starten i 1972.
- Samstundes vert det ein annan kvardag å venne seg til etter fleire tiår med hektisk aktivitet, seier Ståle Remøy, som vil bidra vidare i selskapet si forretningsutvikling.
Remøy er utdanna siviløkonom og har breid erfaring frå maritime verksemder og sal og marknadsføring.
Dei siste åtte åra har han jobba i Olympic-systemet der han har hatt ansvaret for forretningsutviklinga for deler av selskapet sin krill-satsing og Rimfrost-merkevara.
- Det er eit privilegium å verte utnemnd til stillinga som konsernsjef i Remøy Management AS, seier Even T. Remøy pressemeldinga.
- Eg ser fram til, saman med våre dyktige tilsette, å videreutvikle selskapet og posisjonere oss for ei spanande framtid som byr på utfordringar og mulegheiter vi er klare til å ta fatt på.
Remøy Management AS driftar i dag ti fartøy. Flåten består av tre kystvaktfartøy for Forsvaret, eitt marinefartøy for Den Kongelige norske Marine og seks offshorefartøy for World Wide Supply AS.
68-åringen ønskjer å trappe ned etter å ha leia selskapet sidan starten i 1972.
- Samstundes vert det ein annan kvardag å venne seg til etter fleire tiår med hektisk aktivitet, seier Ståle Remøy, som vil bidra vidare i selskapet si forretningsutvikling.
Frå Olympic-systemet
Even T. Remøy (41) er opphaveleg frå Fosnavåg og er busatt i Ålesund med sin familie.Remøy er utdanna siviløkonom og har breid erfaring frå maritime verksemder og sal og marknadsføring.
Dei siste åtte åra har han jobba i Olympic-systemet der han har hatt ansvaret for forretningsutviklinga for deler av selskapet sin krill-satsing og Rimfrost-merkevara.
- Det er eit privilegium å verte utnemnd til stillinga som konsernsjef i Remøy Management AS, seier Even T. Remøy pressemeldinga.
Ti fartøy
Han viser til at grunnlaget for selskapet vart lagt av faren Tore og onkelen Ståle for meir enn 40 år sidan.- Eg ser fram til, saman med våre dyktige tilsette, å videreutvikle selskapet og posisjonere oss for ei spanande framtid som byr på utfordringar og mulegheiter vi er klare til å ta fatt på.
Remøy Management AS driftar i dag ti fartøy. Flåten består av tre kystvaktfartøy for Forsvaret, eitt marinefartøy for Den Kongelige norske Marine og seks offshorefartøy for World Wide Supply AS.
Det er eit privilegium å verte utnemnd til stillinga
Publisert: 23.06.2015 10:54
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44