Utdanningskomiteen på Stortinget sa nei til framlegget frå Framstegspartiet, om å utdanne fleire sjøfolk allereie frå hausten av.
Saka skal opp til votering i Stortinget tysdag 13. mai. Der håpar NMK-sjef at eit fleirtal likevel vil gi inn for å løyve pengar.
– Om politikarane meiner nok med det dei seier om å auke beredskapen, så reknar eg med at dei vil sørgje for at vedtaket i Stortinget 13. mai vil bringe oss vidare, slik at vi får på plass meir maritim utdanning, seier Kaj B. Westre til Nett No.
– Fylkespolitikarane har stilt opp for landet
Bakteppet er at Forsvaret skal ruste opp og treng fleire sjøfolk, samtidig som den sivile flåten må erstatte sjøfolk som går av med pensjon.
Fleire aktørar – mellom dei Norsk Maritimt Kompetansesenter – har teke initiativ for å auke talet på maritime studieplassar og utdanningstilbod så raskt som mogleg.
Nyleg kunne Nett No fortelje at fleire vidaregåande skular og Fagskolen i Møre og Romsdal utvidar frå hausten av. No meiner Westre det er på tide at også sentrale politikarar vaknar.
– Fylkespolitikarane har stilt opp for landet vårt, no sett eg min lit til at også stortingspolitikarane stiller opp. Vi treng langt fleire folk både i sivil skipsfart og det militæret framover, seier Westre vidare.
Fem millionar for å doble kapasiteten
Frp vil at regjeringa inngår avtale om kjøp av studieplassar ved NTNU i Ålesund, eller andre institusjonar som kan tilby slik utdanning.
Nautikk-studiet ved NTNU i Ålesund tek inn 50 søkjarar om året, men hadde 200 kvalifiserte søkjarar. Tidlegare er det opplyst at dei har kapasitet til å doble talet på studieplassar med fem millionar kroner ekstra.
Fleirtalet i komiteen som bestod av Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre, avviste forslaget utan merknader.
I staden viste dei til eit notat frå statsråd for forsking og høgare utdanning, Sigrun Aasland, som rår mot å gå inn med øyremerka midlar på området.
– Forstår ikkje kvifor vi skal vente
Ministeren meiner forslaget vil ta vekk både fridomen og ansvaret utdanningsinstitusjonane har til å prioritere eigne midlar. Samtidig peiker ho i skrivet at Forsvaret sjølv bør velje kva institusjonar dei skal samarbeide med.
Avslutningsvis skriv Aasland at regjeringa jobbar med ein heilskapleg strategi om kompetansebehovet i Forsvaret som skal vere klar innan utgangen av året.
– Det vi treng er småpengar, og eg forstår ikkje kvifor vi skal vente på at det skal lagast ein strategi for å kome i gong. Dersom vi skal vente på denne, mistar vi minst eitt, kanskje to år ettersom det ikkje ligg pengar i ein slik strategi, er Westre sin kommentar til argumenta.
Har ikkje gitt opp
– Det er litt typisk for vår tid at alle snakkar om kor viktig det er med satsing på Forsvaret og kompetanse, men trekjjer seg unna når konkrete framlegg kjem på bordet, seier partileiar Sylvi Listhaug etter nederlaget i utdanningskomitéen.
Ho har ikkje gitt opp.
– Dette er ein viktig sak, så vi gir gir ikkje opp, Frp er van med at dei andre partia ikkje støttar våre framlegg med eing gang, men blir einige etter litt tid. Dette er nok ei sak som viser behovet for eit sterkt Frp ved årets val, som prioriterer det viktigaste først, nemleg Forsvaret, seier Listhaug.
Publisert: 09.05.2025 14:26
Sist oppdatert: 09.05.2025 14:54






