Paafuglen vert kulturscene
ØRSTA: Hotell Ivar Aasen aukar omsetninga, og puben Påfuglen vert kulturscene.
Nytt

Påfuglen vert kulturscene

Saman med lokale musikarar, vert puben Påfuglen i Ørsta omgjort til kulturscene.

22.02.2018
- Arbeidet har alt starta, dei tidlegare lokala er rydda, og vi ser fram til samarbeidet med eldsjelene bak Musikk i sentrum.
- Vi trur dette er bra både for Hotell Ivar Aasen, og for kulturlivet i Ørsta.
Det seier Günther Dahler, som i tillegg til å vere hotelldirektør ved Thon Hotell Fosnavaag er konsulent for eigarselskapet Havila Holding som i juni i fjor kjøpte Ørsta-hotellet.
Ei krone betalte Herøy-selskapet for å overta Hotell Ivar Aasen frå Sparebanken1 Søre Sunnmøre, men med på kjøpet var også ei betydeleg gjeld.

Omsetningsauke

Dahler seier at organisasjonen Musikk i sentrum vil ta seg av drifta av kulturscena, medan hotellet vil stå ansvarleg for mat og drikke.
- Men tida som rein pub er over for Påfuglen. I staden ser vi for oss intimkonsertar og andre musikkaktivitetar.
Dahler opplyser at hotellet omsette for rundt 17,5 millionar kroner i fjor, opp to millionar frå året før.
- Dette er vi godt nøgde med. Lokalsamfunnet har slutta godt opp om hotellet etter eigarskiftet.

Auka belegg

Han seier at starten på 2018 er svært god.
- Ja, vi har langt høgare belegg enn på same tid i fjor, i tillegg til at snittprisen også er høgare.
Han meiner at nøkkelen til suksessen er å satse meir på lokale gjestar og konferansar for lokale bedrifter, og mindre på busslastar med turistar.
- I sommar kunne vi fylt opp hotellet med bussreisande, men vi har i staden sett av halve hotellkapasiteten til individuelt reisande.
- Det vi ser er at mange ønskjer å bu i Ørsta, og ha dette som base for turar til Loen, Geiranger, Runde og andre stader.

- God investering

Hotell Ivar Aasen har 72 rom. Dahler seier at det er eit etterslep på vedlikehaldet av hotellet.
- Planen er å oppgradere hotellet, der vi tek rom for rom.
- Så langt tyder alt på at det var ei god investering å satse på Ørsta-hotellet.
Så langt tyder alt på at det var ei god investering å satse på Ørsta-hotellet

Publisert: 22.02.2018 14:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18