Papir fekk kundane tilbake
VURDERER UTVIDING: Skeidar Living vurderer utviding av bygget i Hovdebygda. Kan gi plass til større møbelbutikk og/eller ein tredje leigartakar, i tillegg til Skeidar og Elkjøp. Varehussjef Carsten Winje i Skeidar Ørsta hadde vekst i fjor har har det i år. 
Nytt

Papir fekk kundane tilbake

Då varehussjef Carsten Winje i Skeidar Ørsta auka papirannonseringa fekk han fleire kundar.

04.07.2017
På landsbasis er det 30 prosent av Skeidar-kundane som handlar basert på papirannonsering - først og fremst direktelevert reklame i postkassen. Då Winje testa effekten i Ørsta for nokre år sidan var utslaget 82 prosent.
Skeidar vil satse meir på internett og sosiale media. Winje er overtydd om at det etterkvart er den vegen det går. Men førebels får Ørsta-varehuset langt betre uttelling for papirbasert reklame enn landsgjennomsnittet, noko som altså viste seg då Winje fekk skru opp marknadsføringsinnsatsen på papir igjen.

Godt start

Resultatet for halvparten av møbelforhandlarane på Nordvestlandet er så langt offentleg tilgjengleg, blant dei alle dei største.
Så langt er det berre Winje i Skeidar Ørsta og Slettvoll Ålesund som kan vise til auka driftsinntekter i 2016 (sjå tabell).

2017 har også starta bra, men Winje skulle gjerne hatt meir plass.

Vurderer utviding

Morten Andresen i Skeidar Living Group seier det blir tatt ei avgjerd om utbygging i Ørsta etter sommarferien.
I i tillegg til møbelhandel er bygget i Ørsta leigd ut til Elkjøp.
Ei utviding opnar for å få inn ein tredje leigetakar og/eller meir areal til møbelbutikken. Skeidar arbeider med å redusere lagervolumet, og den omlegginga opnar og for å ta i bruk deler av dagens lagerareal til butikkareal.
Skeidar Ørsta ligg ved flyplassen i Hovdebygda, og ei utbygging er mellom anna avhengig av godkjenning frå Avinor.

Publisert: 04.07.2017 06:00

Sist oppdatert: 11.03.2021 14:05