Marit Brunstad Sponland Foto foto Ogne
VEKST I FOTO: - Det ser bra ut. Vi aukar, seier Marit Brunstad, dagleg leiar og medeigar i Sponland Foto om starten på 2022. Ho eig selskapet saman med Arvid Abrahamsen og Mariann Valderhaug Runde. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Papirbilete størst i digital bransje

Kundar som skal ha papirbilete av sine digitale fotografi er den største inntektskjelda for Sponland Foto.

23.05.2022

Knappe 20 prosent av driftsinntektene til Sponland Foto i Ålesund kjem frå fotoautomatane i butikken, der kundane får kopiert bileta sine over på papir.

Sponland Foto eir ein av dei få tradisjonelle fotobutikkane att på Nordvestlandet, der kundane både får kjøpt fotoutstyr, kopiert bilete - og kan bli tatt bilete av i fotostudio.

Digitale bilete og elektronikkbransjens inntog i marknaden for foto- og filmutstyr, har tæra på den tradisjonelle fotobutikken, men Sponland Foto er ein av dei som har klart å oppretthalde tradisjonell drift.

I løpet av dei siste åra har mellom anna etterspørselen etter bilete på papir hatt eit kraftig comeback. Det er den største einskild-inntektskjelda, før passfoto og fotooppdrag i studio.

I fjor betalte selskapet attende koronastøtta for 2020 på omlag 30.000 kroner, som gjorde at selskapet sitt resultat bikka såvidt i minus.

- Vi synes det var fair, når vi klarte oss utan, seier dagleg leiar og medeigar Marit Brunstad om tilbakebetalinga.

Så langt i år ligg selskapet an til vekst samanlikna med i fjor, ifølgje Brunstad.

Sponland Foto as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt6,67,0
Driftsresultat-0,030,3
Resultat før skatt-0,040,4

Publisert: 23.05.2022 05:00

Sist oppdatert: 22.05.2022 22:14

Mer om