Partnar i ammoniakk-prosjekt
Hav Group skal levere CO2-utsleppsfri teknologi til store bulkskip.
Hav Group er industriell partnar og 10 prosent eigar av selskapet Pherousa Green Technologies, som utviklar eit anlegg som spaltar hydrogen ut av ammoniakk, for så å bruke hydrogenet i brenselceller direkte eller som pilotdrivstoff for å forvarme forbrenningsmotorar som brukar ammoniakk.
No er nyetablerte Pherousa Green Shipping i ferd med å bestille inntil seks store bulkskip som skal bruke teknologien til Pherousa Green Technologies, ifølgje ei børsmelding. Skipa skal designast av det finske skipsdesignselskapet Deltamarin.
Ammoniakk og/eller hydrogen er energiberarar som gjer det ikkje blir utslepp av CO2, slik som frå diesel eller olje.
Fordelen med ammoniakk samanlikna med hydrogen som energiberar er at det er meir energi i høve til volum med ammoniakk, eit viktig poeng for skips som skal gå lange distansar.
Store forventingar
Konsernsjef Gunnar Larsen i Hav Group er optimistisk. Håpet er at dei første skipa skal bane veg for fleire, og opne ein ny marknaden også for Hav Group.:
"At Pherousa står foran et markedsgjennombrudd gjennom å bli bedt om å installere teknologien om bord seks tørrbulkskip gjør både partnerskapet og investeringen enda mer interessant", seier han i børsmeldinga.
Gjer teknologi brukleg på skip
Hav Hydrogen er eit datterselskap i Hav Group, som har spesialisert seg på å utvikle og tilpasse teknologi og anlegg for bruk av hydrogen ombord i skip. No utvidar selskapet satsinga til også å omfatte bruk av ammoniakk.
"Ved å ha både hydrogen og ammoniakk i produktporteføljen vår kan vi tilby redere et enda mer komplett produkttilbud som er skreddersydd til deres spesifikke behov", seier Hav Hydrogen-sjef Kristian Osnes i børsmeldinga.
Pherousa Green Technologies blei stifta i 2020. Selskapet har seks aksjonærar, ifølgje nettsida til selskapet.
Kjemikar Vasileios Besikiotis er største eigar, gjennom selskapet Cirrusweb. Hav Group eig 10 prosent, og Helbio - selskap eigd av det børsnotert svenske selskapet Metacon, eig 9 prosent. Helbio er også industriell partnar i Pherousa Green Technologies.
Publisert: 31.05.2023 10:30
Sist oppdatert: 31.05.2023 10:32