- Vi kjem til å sette ny rekord, seier flyplass-sjef Tor Hånde.
Flyplassen på Vigra kan få over 1,1 millionar passasjerar i år. Det er like over rekorden frå 2014.
Så langt i år har Vigra ein auke på 5,1 prosent samanlikna med same periode i 2017. Innanlandstrafikken har auka 3,4 og utanlandstrafikken med 10 prosent i årets ti første månadar.
Både i 2015 og 2016 vart det færre reisande, men hausten i fjor snudde det og trafikken auka så mykje at det i 2017 samla sett blei trafikkvekst.
I vinter flyg KLM dagleg mellom Ålesund og Amsterdam. Frå april og fram til neste haust er det to daglege avgangar i ruteplanen.
Tor Hånde seier belegget på ruta dei siste månadane har vore på line med tilsvarande ruter frå Bergen, Stavanger og Kristiansand.
Sandane har ein nedgang på 7,6 prosent, Molde ein nedgang på 7,4 prosent.
Kristiansun har ein auke på 3,8 prosent og Ørsta/Volda 0,2 prosent.
Flyplassen på Vigra kan få over 1,1 millionar passasjerar i år. Det er like over rekorden frå 2014.
Så langt i år har Vigra ein auke på 5,1 prosent samanlikna med same periode i 2017. Innanlandstrafikken har auka 3,4 og utanlandstrafikken med 10 prosent i årets ti første månadar.
Nedtur etter oljeprisfallet
Nedgangen i trafikken starta hausten 2014, etter fallet i oljeprisen. Ein god start på 2014 gjorde likevel av flyplassen setter passasjerrekord.Både i 2015 og 2016 vart det færre reisande, men hausten i fjor snudde det og trafikken auka så mykje at det i 2017 samla sett blei trafikkvekst.
Fleire med KLM
Tidligere i år mobiliserte deler av næringslivet for å sikre at KLMs direkterute mellom Ålesund og Amsterdam skal halde fram.I vinter flyg KLM dagleg mellom Ålesund og Amsterdam. Frå april og fram til neste haust er det to daglege avgangar i ruteplanen.
Tor Hånde seier belegget på ruta dei siste månadane har vore på line med tilsvarande ruter frå Bergen, Stavanger og Kristiansand.
Ned i Molde
Blant flyplassane i Møre og Romsdal er det Molde og Sandane som har negativ utvikling så langt i år viser oktoberstatistikken frå Avinor.Sandane har ein nedgang på 7,6 prosent, Molde ein nedgang på 7,4 prosent.
Kristiansun har ein auke på 3,8 prosent og Ørsta/Volda 0,2 prosent.
Publisert: 12.11.2018 13:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27