Passasjerrekord paa Vigra
VEKST: Flyplass-sjef Tor Hånde reknar med at flyplassen på Vigra passerer 1,1 millionar passasjerar med god margin i år. 
Nytt

Passasjerrekord på Vigra

Større trafikk på Vigra enn i 2014.

12.11.2018
- Vi kjem til å sette ny rekord, seier flyplass-sjef Tor Hånde.
Flyplassen på Vigra kan få over 1,1 millionar passasjerar i år. Det er like over rekorden frå 2014.
Så langt i år har Vigra ein auke på 5,1 prosent samanlikna med same periode i 2017. Innanlandstrafikken har auka 3,4 og utanlandstrafikken med 10 prosent i årets ti første månadar.

Nedtur etter oljeprisfallet

Nedgangen i trafikken starta hausten 2014, etter fallet i oljeprisen. Ein god start på 2014 gjorde likevel av flyplassen setter passasjerrekord.
Både i 2015 og 2016 vart det færre reisande, men hausten i fjor snudde det og trafikken auka så mykje at det i 2017 samla sett blei trafikkvekst.

Fleire med KLM

Tidligere i år mobiliserte deler av næringslivet for å sikre at KLMs direkterute mellom Ålesund og Amsterdam skal halde fram.

I vinter flyg KLM dagleg mellom Ålesund og Amsterdam. Frå april og fram til neste haust er det to daglege avgangar i ruteplanen.
Tor Hånde seier belegget på ruta dei siste månadane har vore på line med tilsvarande ruter frå Bergen, Stavanger og Kristiansand.

Ned i Molde

Blant flyplassane i Møre og Romsdal er det Molde og Sandane som har negativ utvikling så langt i år viser oktoberstatistikken frå Avinor.
Sandane har ein nedgang på 7,6 prosent, Molde ein nedgang på 7,4 prosent.
Kristiansun har ein auke på 3,8 prosent og Ørsta/Volda 0,2 prosent.

Publisert: 12.11.2018 13:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27