I romjula kjøpte Stig Remøy-selskapet Olympic Ship 25.036 aksjar i Rem Offshore ASA. Med det kjøpet passerte Stig Remøy 10 prosent eigarskap, slik at kjøpet måtte varslast i ei børsmelding.
Stig Remøy eig aksjar i Rem Offshore gjennom selskapa Olympic Ship og Olympic Nor. Etter kjøpet i romjula eig han til saman 2.045.586 aksjar, som utgjer 10,07 prosent av aksjane i selskapet.
- Du kjøper deg inn i ein båt og betaler 40 prosent (av marknadsverdien, red.merk), seier Stig Remøy.
Med ein ny flåte er Rem Offshore attraktivt å investere i, meiner han.
- Vi trur ikkje oljeindustriens tid er forbi, seier Remøy.
- 10 prosent gir innflytelse, seier han.
Det er få eigarar og lite handel i Rem Offshore-aksjen, og selskapet har lenge hatt ei stryking frå notering på Oslo Børs som eit alternativ, men ein fastlåst eigarsituasjon har gjort det lite aktuelt.
Tilbodet kom i samband med at islendingen Torsteinn Mar Baldvinson selde aksjane sine til Remøy, og interne endringar i eigarstrukturen. Åge Remøy eig i dag nesten 80 prosent i Rem Offshore.
Aksjane i Rem Offshore er i dag, fredag 2. januar, handla til 50 kroner pr. aksje.
Stig Remøy eig aksjar i Rem Offshore gjennom selskapa Olympic Ship og Olympic Nor. Etter kjøpet i romjula eig han til saman 2.045.586 aksjar, som utgjer 10,07 prosent av aksjane i selskapet.
Stor
rabatt
Målt mot den verdijusterte eigenkapitalen (ein målestokk for marknadsverdien på skipa) er aksjane i Rem Offshore kraftig rabatterte, slik Stig Remøy ser det.- Du kjøper deg inn i ein båt og betaler 40 prosent (av marknadsverdien, red.merk), seier Stig Remøy.
Med ein ny flåte er Rem Offshore attraktivt å investere i, meiner han.
- Vi trur ikkje oljeindustriens tid er forbi, seier Remøy.
Påverknadskraft
Gjennom å eige over 10 prosent av aksjane i Rem Offshore kan Stig Remøy på eiga hand blokkere ei eventuell tvangsutløysing av minoritetsaksjonærar i selskapet.- 10 prosent gir innflytelse, seier han.
Det er få eigarar og lite handel i Rem Offshore-aksjen, og selskapet har lenge hatt ei stryking frå notering på Oslo Børs som eit alternativ, men ein fastlåst eigarsituasjon har gjort det lite aktuelt.
Ville kjøpe
Hausten 2013 baud Åge Remøy resten av eigarane 52 kroner pr aksje i Rem Offshore, men fekk berre napp hos ei fåtal.Tilbodet kom i samband med at islendingen Torsteinn Mar Baldvinson selde aksjane sine til Remøy, og interne endringar i eigarstrukturen. Åge Remøy eig i dag nesten 80 prosent i Rem Offshore.
Aksjane i Rem Offshore er i dag, fredag 2. januar, handla til 50 kroner pr. aksje.
Vi trur ikkje oljeindustriens tid er forbi
Publisert: 02.01.2015 10:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39






