PE Bjørdal bygg utendørs foto marius 11
STORE TAP: Konkursen hos utstyrsleverandøren PE Bjørdal i Ørsta ga store tap. No er det ny verksemd i lokala. Arkivfoto: Marius Rosbach
Nytt

PE Bjørdal-konkursen avslutta med store tap

Ingen pengar til kreditorane etter tresifra millionkrav.

Marius Rosbach
11.12.2023

Møre og Romsdal tingrett har innstilt arbeidet med buet etter konkursen i PE Bjørdal.

I sluttberetninga frå bustyrar Jørund Knardal kjem det mellom anna fram at det ikkje er mistanke om noko straffbart i saka.

Krav på til saman 166 millionar
Det var kjent frå før, at det ikkje kom til å bli utbetalt dividende til kreditorane. Knardal opplyste til NETT NO allereie i sommar, at det var tomt i buet.

I følgje sluttrapporten kom det inn 161 krav på til saman 166 millionar kroner til buet. Det vart ikkje dekning utover krava om løn- og feriepengar.

Rekneskapen frå buarbeidet viser eit underskot på drygt 160.000 kroner, som blir dekt av lønnsgarantifondet.

Reiarlag og verft bak stort krav
Reiarlaget Ava Ocean og Fiskerstrand Verft var mellom kreditorane, og hadde meldt inn krav på 79 millionar kroner.

Førebels har ingen gått vidare med krava, og reiarsjef Øystein Tvedt seier til NETT NO at dei registrerer bustyrar sin konklusjon om å avslutte arbeidet.

– Kravet er reelt, og vi har gått på betydeleg tap, men har ikkje teke stilling til kva vi skal gjere vidare, seier Tvedt.

Hadde dialog med investor
Den 24. mai kom nyhenda om at den tradisjonsrike Ørsta-bedrifta PE Bjørdal var konkurs, og meir enn 75 tilsette mista arbeidet.

I sluttrapporten kjem det fram at eigarane var i dialog med ein industriell investor, men at denne prosessen stranda kort tid før selskapet melde oppbod.

Bortfall av marknaden i Russland etter invasjonen i Ukraina, kostnadsauke og regjeringa si innføring av lakseskatt er blant faktorane som blir peika på som årsak til konkursen.

Forsøkte å berge selskapet
Bedrifta hadde i ei tid slite økonomisk, og mot slutten av 2022 måtte bedrifta ty til oppseiingar for å berge drifta.

I februar spytta ei rekke av eigarane inn ny kapital i håp om å redde selskapet, og det blei sett i gong tiltak for å omstrukturere drifta og tilpasse seg ein situasjon med lågare aktivitet. Dette var ikkje nok for å berge selskapet.

I sommar blei det kjent at Steel Tech As tek over drifta i det konkursråka selskapet - og starta opp med ny verksemd. Steel Tech er eig av Meso Invest, som var største aksjonær i PE Bjørdal.

Publisert: 11.12.2023 15:12

Sist oppdatert: 11.12.2023 17:10

Mer om