Arctic Pearl dåp mannskap dåpsfølge foto Marius
KOSTBAR TEKNOLOGI: Ava Ocean-skipet Arctic Pearl vart døypt i november 2022. Skjelfiskeskipet fiskar haneskjel, vart ombygd på Fiskerstrand Verft og PE Bjørdal var hyra inn for å levere skjelfabrikk om bord. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Krev 79 millionar kroner etter konkurs

Reiarlaget Ava Ocean og Fiskerstrand Verft har meldt krav for 79 millionar kroner til PE Bjørdal-buet.

Linn Antonie Vårdal Solheim
05.07.2023

NETT NO har vore i kontakt med representantar for selskapa, og korkje Ava Ocean eller Fiskerstrand Verft ønsker å kommentere saka.

- Det er ei pågåande sak, derfor ønsker ikkje vi å uttale oss om forholdet, sa Anette Grøttland Zimowski, kommunikasjonsdirektør i Ava Ocean.

Krava er på høvesvis 72 millionar kroner frå Ava Ocean, og 7 millionar kroner frå Fiskerstrand Verft, i følgje bustyrar i PE Bjørdal advokat Jørund Knardal.

Krava er grunngjevne mellom anna i tapt omsetning, eiga utbetring av utstyr, dagmulkt og auka verftskostnadar.

Pengesekken er tom
- Når det gjeld ei eventuell dividendeutbetaling, så er det tomt i buet, seier Knardal til NETT NO over telefon.

Det var tidlegare i veka 179.000 kroner att i buet, og det står framleis att mykje arbeid med opprydninga av konkursen.

Knardal fortel at det er fleire andre kreditorar med høgare prioritet enn Ava Ocean og Fiskerstrand Verft. Det har mellom anna blitt meldt inn 94 løns- og feriepengekrav så langt, og krava der nærmar seg 14 millioner kroner.

PE Bjørdal leverandør av skjelfabrikk
I desember 2021 signerte Fiskerstrand Verft kontrakt med Ava Ocean om ombygging av offshorefartøyet Arctic Pearl, til å bli eit skjelsankeskip. Ombygginga var eit pilotprosjekt, og skipet Arctic Pearl var det første av sitt slag.

PE Bjørdal fekk oppdraget med å levere skjelfabrikk om bord i skipet, med kapasitet til å prosessere 100 tonn skjel om dagen.

Ombygginga tok til i januar 2022, og i november same året vart skipet døypt.

Kostbar ombygging
I november 2022 melde Ava Ocean, som då gjekk under namnet Tau Tech, at dei hadde henta inn over 300 millionar kroner kroner i finansiering. Ombygginga av Arctic Pearl var lånefinansiert med ein verdi på 161 millionar kroner. Eksfin stod for ein kredittgaranti på 114 millionar kroner, og Sparebanken Vest var garantist for dei resterande 30 prosentane av lånesummen.

Kor langt i utviklingsprosessen og kor mykje arbeid som stod att av arbeid i prosjektet då PE Bjørdal melde oppbod, er uvisst.

Banebrytande teknologi
Det Ålesundsbaserte reiarlaget, Ava Ocean, har utvikla teknologi for å hauste haneskjel, ein type kamskjel, på ein berekraftig og effektiv måte. Det har i meir enn 30 år vore forbode å drive med fiske av delikatessen haneskjel grunna skadane fisket har påført sårbare økosystem på havbotnen.

Etter berre få sesongar med fiske på 90-talet kollapsa bestanden av haneskjel. Den nyvinnande teknologien til Ava Ocean var ein viktig faktor når avgjerda om å opne opp att for haneskjelfiske vart teken.

Publisert: 05.07.2023 15:24

Sist oppdatert: 05.07.2023 19:25

Mer om